Eg arbeider i skjæringspunktet mellom ansvar, regulering og prestasjon over tid.
Gjennom arbeid i skule og leiing har eg sett korleis tempo, forventningar og kontinuerleg eksponering påverkar meir enn fagleg kvalitet. Det påverkar regulering, dømmekraft og helse.
For meg handlar resiliens ikkje om å tole meir press.
Det handlar om evna til å regulere seg, hente seg inn att og ta gode avgjerder over tid.
HRV har gitt meg eit språk for noko eg tidlegare berre kjende: skilnaden mellom å levere og å vere i balanse.
Endre Praksis er eit arbeid i utvikling. Her utforskar eg korleis struktur, regulering og bevisst praksis kan bidra til berekraftig prestasjon – i læraryrket og i ansvarstunge roller generelt.
Målet er ikkje optimalisering.
Målet er å halde.