Tryggare i rolla.


Stødigare i praksis.


Overgongen frå utdanning til læraryrket kan vere krevjande. Endre praksis tilbyr strukturert, profesjonell rettleiing som hjelper nyutdanna lærarar å utvikle tryggleik, dømmekraft og stabilitet i skulekvardagen


Med utgangspunkt i læraren sin arbeidskvardag

God fagkompetanse er ikkje alltid nok

Nyutdanna lærarar kjem inn i skulen med fagleg kunnskap og engasjement. Samstundes møter dei ein kompleks arbeidskvardag der mange avgjersler må takast raskt.

Det kan ver krevjande å finne balansen mellom relasjonar, forventningar, ansvar og eigne ressursar

Mentorprogrammet

Rettleiing med utgongspunkt i praksis

Endre Praksis tilbyr individuell rettleiing for nyutdanna lærarar. Gjennom strukturerte samtalar arbeidar vi med konkrete situasjonar frå skulekvardagen. Målet er å utvikle profesjonell tryggleik, betre vurderingsevne og større stabilitet over tid.

Programmet blir tilpassa behovet til skulen og den enkelte deltakaren.

For skulelaiarar og skuleeigarar

Ei investering i læraren - og skulen

God oppfølging av nyutdanna lærarar handlar om meir enn å hjelpe dei gjennom det første året.

Det handlar om å legge til rette for profesjonell utvikling og berekraftig start på arbeidslivet.

Erfaring frå klasserommet. 

Forståing for lærarkvardagen.


Eg har over 14 års erfaring frå skulen, både som lærar og i ulike leiarroller. Gjennom desse åra har eg arbeidd tett med elevar, kollegaer og nyutdanna lærarar.

Eg veit kor krevjande overgangen frå utdanning til læraryrket kan vere. Det handlar ikkje berre om å meistre undervisninga, men også om å utvikle tryggleik i rolla, handtere forventningar og ta gode avgjerder i ein kompleks arbeidskvardag.

Med rektorutdanninga, erfaring frå både undervisning og skuleleiing, og eit sterkt engasjement for profesjonsutvikling, har eg utvikla eit rettleiingstilbod som byggjer bru mellom teori og praksis.

Målet mitt er å gi nyutdanna lærarar rom til å reflektere, utvikle dømmekraft og finne tryggleik i eigen praksis.


Endre Natvik

Lærar | Skuleleiarerfaring | Rektorutdanning