Posted on Leave a comment

Digitalt mysterium – One Note

One Note

One Note var blant dei første programvarene eg verkeleg forelska meg i ei god stund tilbake. På mange måtar var det der mitt digitale klasserom starta. No er det haugevis med reiskap, men One Note er framleis genialt.

Orsaken til One Note fungerer så godt, er at i mitt hovud at Microsoft har faktisk laga eit program, der dei ikkje har definert kva det skal brukast til. På mange måtar er One Note det mest ustrukturerte, udefinerte programvaren som finnes, og det er laga slik med vilje. Microsoft tok rett og slett alt dei kunne tenkje seg av funksjonar, som dei hadde i andre programvarer, smekka det i hop i ein programvare og sa “versegod”, bruk det slik du ynskjer. Vi veit ikkje kva det skal brukast til

Slik er god undervisning og. Vi legg til rette, gir reiskapa og burde sei “versegod, produser kunnskap”. Det er hovudorsaken til at eg framleis nyttar One Note i undervisninga, fordi eg kan sei at “no skal vi jobbe med” og “bruk One Note” – så er det opp til elevane korleis dei vil bruke havet av reiskap.

Under viser eg eit genialt triks, der du kan lage ulike rom i One Note, som er passordbeskytta. Vidare må elevane løyse ei oppgåve for kvart rom, med dei hinta dei får, så bruke informasjonen til å opne opp neste rom. Ofte har eg brukt dette til repetisjon, så krydrer eg det med ei spennande historie. Elevane digger det. Tar riktignok litt tid i starten, men det er verdt det.