Kva er utbrytarrom i One Note?

Meir kjend som Escape Room i One Note. Vi i Endre Praksis AS har vald å kalle det for Utbrytarrom rett og slett.
Eit utbrytarrom er ein engasjerande aktivitet der eleven interagerar med ei historie og må løyse kodar og utfordringar ved å tenkje kreativt og fagleg for å identifisere informasjonen ein treng for å kome vidare.
Utbrytarrom som ressurs kan engasjere og skape samarbeid, kreativitet, kritisk tenking og kommunikasjon. Ettersom det er ein digital aktivitet som er lett å iverksette gjer det enkelt å fasilitere engasjere “utanfor boksen” opplegg.
Opplegga vi legg ut er kvalitetssikra med faglærarar i respektive fag og tema.
Vi er alltid på jakt etter nye produsentar, så om du likar å lage, eller har laga utbrytarrom i One Note, ta gjerne kontakt.
1) Lett å sette i gong
2) Fokusere på det faglege, og koder er ein hårfin balanse
3) Lett for lærar å vurdere kva ein elev får til
4) Reiskap i One Note som engasjerande lesar gjev støtte
5) Ingen innlogging for elevane, og ingen data på avveie
6) Elevane finn det artig (er jo tross alt variasjon).