På denne sida deler eg tips og triks eg sjølv nyttar i eigen undervisning, gratis sjølvsagt! Eg synes det er viktig at vi deler! Blir oppdatert etterkvart.
Lik og del!
Digital lærarplanleggar i OneNote for 2021 - 2022
I fleire år har eg digitalisert lærarplanleggaren min til OneNote. Orsaken er enkel, eg har den alltid med meg. Enten på mobilen, iPad, heime på Mac`n eller på Windowsmaskina på jobb. Mest av alt nyttar eg iPad`n som har penn som gjer at eg kan skrive i den, akkurat som den fysiske boka. Den største fordelen? Eg kan søke i boka. “Når var det vi skulle ha brannøving? Åja, då var det!”
Tale til Tekst
Mange elevar slit med å skrive. Det setter ein stopper for kva dei kan formidle. La oss ikkje skape skuleleie taparar berre fordi vi ikkje tørr å bruke reiskap som kan hjelpe dei vidare! La oss vise dei reiskap som kan hjelpe dei vidare!
Full forklaring til tale til tekst i Google Docs
Korleis bruke Tekst til Tale
Ovanfor såg du korleis du kan få tale til å bli til tekst. Denne videoen viser korleis du kan få tekst til å bli redigerbar som når du ynskjer å få tekst lest opp. Det spelar ingen rolle om det er ei bok, eller om det er tavlenotater eller eit skilt. Office Lens komprimerer all tekst, og gjer det redigerbart og mogleg å få lest opp.
Korleis dele utbrytarrom med elevar?
Enten du har kjøpt, eller laga utbrytarrom i OneNote må dei delast. Filene eg ser er i Onepkg. format. Det vil sei at dei er zippa/pakka ned. For å opne dei gjer du slik som med den digitale lærarplanleggaren. Under finn du ein video om korleis du deler dei med elevane. Der er to metodar eg pleier å nytte for å dele utbrytarrommet med elevane, desse viser eg under. Etterpå ligg filer til utbrytarrom som er ferdige. God fornøyelse.
Alternativ 1: Opprett delbar kopling som elevane jobber i. Elevane jobber då i nettleservarianten. Inn i mellom så synkroniserer dette litt seint, men då er det å trykke på oppdater som gjelder. Lurt om elevane skriver ned kodane for dei ulike inndelingane etter kvart i tilfelle dei må starte på nytt (skjer sjelden).
Alternativ 2: Er litt meir avansert, men gir den desidert beste brukaropplevinga for eleven. Her gir eg dei tilgong til heile boka i staden for. Eleven står då i One Note og jobber, etter å lasta ned boka eg ynskjer dei skal jobbe med.