Posted on Leave a comment

Omvendt undervisning i skulen og korleis kome i gong!

Forrige innlegg om omvendt undervisning gav mange tilbakemeldingar. Det var veldig hyggeleg, så eg føl opp med eit nytt innlegg. Er kanskje litt dårleg gjort å kome med det på ein fredag, men om fleire er som meg, så bruker ein ofte helga til å bli inspirert etter ei travel veke. Du finn innlegg 1 her:

https://endrepraksis.no/2020/09/16/omvendt-undervisning-for-effektiv-laering-i-skolen/

Dette innlegget skal handle meir om korleis kome i gong, og framleis litt om kvifor omvendt undervisning faktisk er så genialt.

Om du er typen som heller liker å sjå video, bruk gjerne 5 minutt på denne lenkja (obs: er engelsk):

  1. Det er kostnadseffektivt:

Med blanda læring kan ein forbetre læringsutbyttet heile tida. Om nokon ikkje er tilstade, og ein må planlegge for korleis ein skal oppdatere eleven, stykke opp undervisninga for å sikre at alle heng skjer automatisk fordi materialet er klart. På med headset, sett deg her så kjem du tilbake etterpå.

  1. Alle er førebudd

Alle på same stad, iallefall meir enn ved tradisjonell undervisning, når dei er saman. Ein har henta minimumkunnskap i sitt tempo og møter førebudd.

  1. Tilgong kvar som helst, når som helst

Nokon lærer best klokka 09.00, andre etter 17.00. Nokon har aktivitetar måndag, andre har aktiviteter måndag, onsdag og torsdag. Tidsplanen er ulik. Omvendt undervisning lar den lærande ta ansvar for innsikt, når det passer. Dei lærer å planlegge veka.

  1. Brukaren i fokus

Når ein kombinerer multimedia og instruksjonar, designer ein perfekt samansetning for ei oppskrift for læring. Kva er det viktigaste? Eleven kan gå tilbake når dei treng det for å hente informasjonen dei manglar så dei kan levere gode resultat når dei skal.

  1. Få betre innsikt i kva ein forstår

Når ein møter førebudd, kan du sette i gong aktiviteter som utfordrar forståinga. Tru meg når eg seier at du får mykje meir innsikt i kva ein har forstått og ikkje, når ein skal praktisere. Du får mulighet i timen til å faktisk vere pedagogen som skal analysere kva ein forstår, kva ein treng å forstå for å lukkast med aktiviteten. Du får høve til å differensiere mykje meir, der og då.

Struktur for omvendt undervisning

Her er store variasjonshøver. Nokon gonger står omvendt undervisning aleine der ein lar eleven lære innhald som er presentert gjennom video, tekst som demonstrerer kva dei må forstå for eit prosjekt, oppgåve o.l. før ein går vidare til nytt konsept. Andre gonger kan ein ha hyperaktivt dokument som gjer at eleven må gå gjennom ein serie av innhald designa for å engasjere dei, bruke det dei har lært og utvide kunnskapen.

Padlet:

Ein klassiker. Du finn Padlet på: https://padlet.com/. Her kan du skape ei tavle eller nettside som du tilpassar heilt slik du vil. Utfordringa er at det er relativt dyrt. Men der er alternativ. Sjølv bruker eg mykje

LearnLab:

Ved å gå på https://learnlab.net/nn får du tilgong til mykje av det same. Der er ein minimumsversjon som er gratis, eg har alltid brukt denne.

Kom raskt i gong med blanda læring og omvendt undervisning med LearnLab

Slik eg gjorde i videoen over, tar omtrent 5-10 minutt. Ofte har eg dekka eit heilt løp på nokon dager då. Hugs å ta av hengelåsen om det er lekse. Er hengelåsen på, så styrer du bilete. Det går greit om du har økta i klasserommet og ynskjer at elevane er låst til den sida du vil.

Pilarane i omvendt undervinsing/flipped classroom

F: Fleksibel læring

L: Læring i fokus

I: Intensjon med innhaldet

P: Pedagogisk formidla

Taksonomien i omvendt undervisning

Blooms taksonomi, revidert av Lorin Anderson

Dei fleste har hørt om Blooms taksonomi. Den er svært overførbar til omvendt undervisning. Her ser ein korleis omvendt undervisning, i lys av Blooms Taksonomi er bygd opp. Før arbeidet startar, skal vi hugse og forstå. Her kjem målet med omvendt undervisning inn. I klassen skal ein bruke og analysere. Seinare evaluere og skape. Har ein denne i bakhovudet så blir det enklare å forstå kva deler du skal bruke omvendt undervisning til, kva den skal føre til.

Trur dette held for denne gongen. Om du ynskjer å motta varsel når neste innlegg kjem, abonner gjerne på bloggen.

Spennande ting skjer i Endre Praksis AS desse dager og store nyhende er på veg, for å halde deg oppdatert må du legge igjen e-posten på www.endrepraksis.no.

Posted on 1 Comment

Omvendt undervisning for effektiv læring i skolen

Omvendt undervisning, eller Flipped Classroom er ein eigen metode. Målet er å gjere fagstoffet tilgjengeleg når det passer den som skal lære. Det er ikkje alltid i klasserommet ein er mest mottakeleg.

Vanleg reiskap er video. Men det er mogleg å opne opp meir ved å bruke spel, eller kva med ein podcast? Under ligg ei lenkje med ressursar som er gode frå StatPed. Der ligg god starthjelp for å kome i gong som biletet viser.

https://www.statped.no/laringsressurs/teknologitema/omvendt-undervisning/

Viktig for å lukkast med omvendt undervisning er at dei som skal lære, faktisk er motiverte og ynskjer å bruke tid utanfor klasserommet. Det er ofte vanskeleg, fordi vi har innarbeida ein tankegong om at “på skulen lærer vi, heime har vi fri”. Nettopp derfor er omvendt undervisning viktig. Vi må få snudd tanken om at vi “berre lærer på skulen”. Vi lærer heile tida, og i dagens tekniske samfunn, kan vi lære det meste kvar som helst.

Det er viktig å bruke ulike reiskap. Akkurat som på skulen, for å skape variasjon. Målet er: still førebudd til økta, der du skal lære å bruke kunnskapen. Slik skaper vi ein meir aktiv læring på skulen.

Mange synes det er krevjande å lage video. Spesielt noko som skal engasjere og skape ein viss indre motivasjon. Dette har ført til at det er mest brukt frå VGS og oppover. Eg er ueinig, Korona kom og brukte omvendt undervisning ned i 3. klasse.

Eit eksempel på omvendt undervisningsopplegg om “bærekraft” finn du her:

https://www.statped.no/laringsressurs/teknologitema/omvendt-undervisning/eksempel-pa-undervisningsopplegg/

Det er ikkje kvar dag eg har spelt skodespel med meg sjølv, vore Wergeland og Welhaven, som disputerer med kvarandre tross alt. Men gosj så moro det var.

Eg nemnde video som metode. Det virker som det einaste reiskapet. Om ein tenkjer litt annerledes på det, som kva målet er, ynskjer vi å at ein er førebudd til neste økt. Omvendt undervisning kan like gjerne vere å gå ein tur og oppdage vårteikn. Så kan ein jobbe med å identifisere vårteikn seinare.

Fordelen med omvendt undervisning er klar:

Lettare å differensiere og elevane får ein induktiv og sosiokulturell læring. Ekstra positivt er det å kunne sette pedagogen på pause, spole, høyre det gjentatt. Stoff du har laga kan gjenbrukast seinare.

Er det ulemper?

Som med alt.. Det tar tid å lage godt innhald. Spesielt i starten. Mange er redde for det tekniske.

Har du erfaring med omvendt undervisning? Del gjerne i kommentarfeltet. Hugs å gå til www.endrepraksis.no, skroll litt ned og legg igjen e-post for å motta tips, triks i det moderne klasserommet om du ikkje har gjort det frå før.