Posted on 1 Comment

2) Design Thinking i und(r)ervisning – ein prosessorientert metode lære på.

Som eg var inne på i førre innlegg, Design Thinking i undervisning? – har du tid til det?, benytter Design Thinking seg av 5 fasar.

1)Empatisere

2)Definere

3) “Ideate”

4) Prototype

5)Test

På mange måtar vil eg påstå at Design Thinking i undervisning, er ein vidareutvikla “prosessorientert læringsmetodikk”. Vi aksepterer at læring er ein prosess, vi aksepterer at vi ikkje sit med det endelege svaret i starten. Som lærer aksepterer eg at vegen er målet. Som lærer aksepterer eg at eg er pedagog, ikkje allvitar. Eleven aksepterer at han kan utvikle kunnskap. Vi aksepterer at vi må lære, heile tida, for å utvikle oss og kunne tilnærme oss for å forstå.

Dette innlegget skal ta meir føre seg korleis ein kan tenkje kvart steg i undervisning. Vidare og seinare i denne serien om Design Thinking i undervisning, vil eg kome med konkrete opplegg der du kan prøve ut Design Thinking i ditt eige klasserom. I fare for å sei steg for seg, så i alle fall grunnmetodikken og tema der ein kan øve seg. Følg gjerne bloggen for å få varsel.

Det var oppmodinga, la oss bli meir konkrete.

1) Empatisere

Som vi var inne på sist innlegg, er målet å forstå brukaren via å empatisere og sette seg i den andre sin ståstad. Kjenne på, føle, forstå. Samtale nok om, til ein verkeleg kan kjenne på eigen kropp, kva som er målet.

empatisere

Vi må få tak i erfaringane som eksisterer, motivasjonen for å gå vidare. Vi må forstå problema, avgrensingane og føringane som ligg i vegen.

For å kome i gong med denne fasen blir gjerne intervju, dybdeintervju, mengdeintervju, observasjon, dokumentasjon nytta. Målet er å “bli til utfordringa”, rett og slett gjere problemstillinga og kunden, målet, utfordringa, problemet, til vårt eige.

Prøv å bli Henrik Ibsen. Prøv å tenk korleis det var å leve på midten av 1800 talet. Prøv å praktiser urettvis handsaming av kjønn. Sjå filmar om tida for å forstå samfunnet. Lær om nasjonalismen. Prøv å forstå korleis forfattarane nesten var sidestilt med prestar. Prøv å forstå at litteratur tilhøyrer rikmansen og ikkje alle. Prøv å forstå klasseskillet.

Vi må eige utfordringa sjølv, og kjenne den på kroppen, emosjonelt ta del.

2) Definere

Etter vi har greid å ta utfordringa emosjonelt inn over oss, gjort den personleg, kan vi starte med å definere. Litt obs her: det er veldig naturleg og starte denne fasen for tidleg. Hjernen vår er svært lite glad i utfordringar, og vil heile tida søkje etter svar. Når vi skal bruke Design Thinking er det viktig å akseptere at svara kjem, i sin fase. Inntil då, la søken etter svar ligge. Dette kan eg ikkje understreke nok!

Definere kva vi trur vi veit

Vi skal no definere det eigentlege problemet, utfordringa. Analysere og syntetisere informasjonen vi fekk i steg 1. Målet er å kome inn i rota. Verkeleg i dybden. Her gir det oss store høver for dybdeforståing.

Ein viktig teknikk her er å spørre “kvifor”, så mange gonger som råd. Minst fem gonger skal spørsmålet “kvifor” dukke opp. Minst… Kvifor var Henrik Ibsen viktig? Kvifor hadde ikkje kvinnene ei stemme i samfunnet? Kvifor ville Henrik Ibsen fremje kvinnesaken? Kvifor fekk mennesket ei ny rolle på kvinna grunna Ibsen? Kvifor er likestilling viktig? Kvifor lagde han teater framfor bøker? Korleis hadde samfunnet vore uten Henrik Ibsen?

Slik vi ein få fram orsaken til at han kanskje sette i gong sitt arbeid, hans motivasjon, hans ynskje, mål.. Slik kan ein starte å definere “kven var Henrik Ibsen?”.

Alle desse spørsmåla er med å konkretisere hans verk og skape forståing og definere..

Vi skal bombardere med spørsmål, uten å nødvendigvis få svar. Slik kan vi skape vår eigen definisjon av fase 1.

3) “Ideate”

I fare for betre namn, er vi no kome til idèfasen. Endeleg skal vi få lov å prøve å nærme oss svar. Men ikkje eit svar! Mange.. Så mange potensielle svar som vi overhode kan, av fase 2. Definisjonsfasen..

Kor mange idear kan ein greie å henge opp som kan løyse eit problem?

Her skal vi vere maksimalt kreative. Vi skal kome med så mange potensielle svar som mogleg, ukritisk. Dette er den fasen borna elsker. Ingen forslag skal neglisjerast, vi skal bygge på forslaga. Her er vi nøgd når vi har sprengt årsbudsjettet med gule lapper…

Teknikkar for å storme forslag til løysing er brainstorming, bodystorming, “værst tenkelege ide”, tankekart, 100 idear på 10 minutt”, fullfør ideen i gruppa der kvart medlem får sei eit ord…

Alle desse lappane skal forklare kvifor Henrik Ibsen er viktig og skal skape grunnlaget for hypoteser, eigendefinerte oppgåver, problemstillinger etc.

Her er vi nøgd når vi har sprengt budsjettet med gule lapper..!!

4) Prototype

Her starter vi med å skape. Vi skal prøve å skape ei løysing. Det kan vere ein film, tekst, teater.. Ei undersøking, ei teikning… Kva som helst. I den klassiske skuletankegongen er det her du skal få eit produkt som kan vurderast. I tankane mine omkring Design Thinking, er dette kun ein fase av totalen.

Lag ein prototype vel vitande om at det er berre eit steg på vegen mot å lære meir

Det næraste eg kan kome å kalle denne fasen noko, er “kladd”.. Dette er kladden.. Her skal vi prøve oss fram, vi skal teste, utforske, sjekke, finne ut om vi er på rett veg. Gjennom business-tankegongen og LEAN startup ville ein kalla det “minst verdifulle produkt” eller MVP. Målet er at den skal fungere, men kan bli veldig mykje betre, fordi vi skal skape noko vi kan få feedback på.

Vidare teste prototypen på publikum som vi sikter på. ;ottakarmedvit står i fokus.

Skape noko vi kan få feedback på, som fortel oss om vi er på rett veg. Mottakarmedvit.

5) Test

Vi skal endeleg få teste prototypen. Det kan vere at vi sender det inn til avisa? Kanskje vi har ei framføring? Kanskje vi skal halde ein presentasjon for bygda? Endelause stadar å teste prototypen.

Test prototypen, lær av tilbakemeldingane og dataen ein får inn-

Dette kan skape situasjon der ein må re-definere problemet, raffinere forståinga eller generere nye idear for å kome med betre løysing. Altså ein må gjerne tilbake til fase ein, to eller tre. Det er målet, kva fase må vi forbetre? Forstår andre det du ynskjer å formidle?

Endeleg skal vi finne ut om vi er på rett veg!