Posted on 1 Comment

3) Design Thinking som metode und(r)evisning? – har vi metodefrihet eller metodeansvar?

Den skumleste setninga eg veit om i møtet med born er «Det er berre slik det er» – ingen born burde vekse opp, å måtte akseptere at deira nyfikenheit skal avgrensast. Denne genuine eigenskapen born har, skal vi nære med karbohydrater, protein og fett. Den skal vekse seg stor sterk.

Førestillingsevne, kommunikasjonsdugleik, takle tilbakegong og genuint nyfiken. Eit mindset med reiskap til å løyse uforutsette utfordringar, uavhengig av oppgåve, med tøffhet og stayerevne. Det er dit vil vil ha alle borna vi har ansvar for, enten dei er i skulen, i heimen, barnehagen..

For dei som ikkje kjenner til Endre Praksis, har eg lenge jobba med Digital Reiskap til å lære med som digitalpedagog, men altfor ofte ser eg at ein trur det handler om reiskapa (les: det digitale). Digitalisering er nærast blitt ei fy-ord i oppvekstsektoren, eller halleluja for andre. Å bruke digitale reiskap er som å gå frå hammer til spikerpistol, ein endrer metodikk fordi reiskapa utviklar seg. Ein ser tross alt ikkje snikkaren stå å slå spikeren i veggen med skaftet på spikerpistolen. Derfor fokuserer Endre Praksis no på metodikk og digitale reiskap, for den eine gjer noko med den andre. No er det Design Thinking som står i førarsetet.

Digitale reiskap er kun eit multibruk-reiskap

Om du ynskjer å bli varsla for seinare innlegg, kan du enten abonnere på «bloggen» nedst, eller gå inn på heimesida mi, www.endrepraksis.no og legge igjen e-posten din så vil eg gjere mitt beste for å halde deg oppdatert.

Dette blir eit «pauseinnslag» om Design Thinking i læringssamaheng. Om du kom inn i denne serien no, vil eg tilrå å lese dei to førre innlegga, for å henge med.

1) Design Thinking i und(r)ervisning – har du tid til effektiv læringsmetode?

2) Design Thinking i undervisning – ein prosessorientert metode å lære på

Seinare vil eg kome med konkrete opplegg du kan sette i gong for å trene på å bruke denne fantastiske metodikken i ditt læringsrom, undringsrom. – Ja, det er heilt bevisst at eg ikkje nyttar «klasserom». Der er mange omgrep i skulen som burde bytte namn, (friminutt, matpause, elevar, spesialundervisning, lærar, gym, lekser for å nemne nokon) – men det er eit innlegg for ei seinare tid.

Denne teksten er meint for å skape litt refleksjon og endringsvilje.. For skal eg vere ærleg, eg møter mange som ikkje gidder, vil eller har tru på å endre seg og sin eigen metode i oppvekstsektoren. Eg gir «metodefridom» mykje av orsaken til det. På mange måter er det lagt opp til å vere slik det er. MEN: det er skilnad på metodefridom og «metodedum» (les litt vidare før du hisser deg for mykje opp).

Dei fleste pedagoger vernar om metodefridommen som den heilage gral, men i det dei blir spurt om kva metode dei vel og nyttar i møtet med born, kjem det ofte «æææh…». Eg seier ikkje at det bevisst, men vi er kanskje litt indoktrinert i ein institusjon som står litt fast i eit samfunn som aldri har gått raskare? Alle som jobber med born har eit ansvar til å vere endringsagenter slik at kvar enkelt får best mogleg utbytte. Og nei, alle skal ikkje på høg måloppnåing, men alle skal lære nok til å lære seinare.

Design Thinking er EIN metode, som du kan velge..

Kva Design Thinking kan føre til i utdanning

I fare for at nokon bli provosert her, vil eg nett tilføye at eg er forkjemper for metodefridom, fordi det gir meg som pedagog høve til å tilpasse undervisning slik eg som pedagog vurderer det. Samtidig gir det oss eit enormt ansvar, der vi må halde oss oppdatert på ein heilt anna måte. Eg trur mange blir skremt av dette, og vier det mindre tid nettopp fordi det er å uhåndgripelige. Men å vere utdanna pedagog betyr ikkje at det vi lærte i studiet er det einaste rette. Tida forandrer seg. Vi må og. Vi må vere bevisst vårt ansvar, funksjon. Med stor fridom, kjem stort ansvar. Kanskje burde det heite «metodeansvar»?

Tony Wagner skriv i «The Global Achievement Gap» at eit arbeid kan brytast ned til oppgåver som krevja rutine, omsette informasjon og eksportere informasjonen eller oppgåver som manglar rutine, der ein først må skape informasjonen, finne ut korleis det skal omsettast og eksporterast. Den eine delen kan læres, den andre må øves på. Mykje!

Vårt mål, samfunnsoppdrag, må vere å hjelpe ungdommen til å trivast med oppgåver som ikkje er ei rutine, men det omvendte

Wagner undersøkte ein heil mengde leiarar frå ulike områder, kva kvaliteter dei ser i hos sine tilsette enda han opp med sju dugleiksområder for å overleve

1) Kritisk tenking og problemløysing – Å kunne gå gjennom informasjon, få djup forståing av utfordringa og kontekst og bruke relevant informasjon til å finne løysingar

2) Samarbeid på tvers av nettverk og lære gjennom påverknad – Å kunne lære i grupper og jobbe saman med mennesker som er langt frå korleis du sjølv er, i harmoni

3) Smidighet og tilpassingsdyktig – Evnen å manøvrere gjennom uro og motstand, å skifte endring til å betre forså samanhengande forandring, eller å snu tvers om og skifte retning (pivotere)

4) Iniativ og entreprenørskap – Evne å ta eigne val og handlingar, søkje nye høver og forandre miljøet rundt seg, til å ynskje å finne løysing på utfordringar

5) Effektiv verbal og skriftleg kommunikasjonsevne – Evne å vere tydeleg og kunne dele idear og kunnskap effektivt til andre som har andre perspektiv

6) Tilgong til og høve til å analysere informasjon – Å kunne gå gjennom og evaluere kvantitet og kvalitet, samtidig som ein identifiserer verdifull kunnskap som kan leie til løsying

7) Vere nyfiken og inneha forestillingsevne – Vere villig til å lære og vere interessert, å tenke på kva som kan bli betre og endre inngongsvinkel gjennom kreativ tenking, å kunne drøyme

For å kome hit, må det starte med oss som leder an. Det er vi som må skape endringsagenter, ved å endre praksis og vere endringsagenter sjølv, heile tida. Eg argumenterer for at vi har metodeansvar, der vi kan velge ein metode tilpassa det store målet. Men då må vi finne det store målet først. Altfor ofte låser vi oss fast, til det trygge, gjennomfører for å kome gjennom boka, haka av kompetansemål, ved å halde oss på trygt vatn med standardiserte tester, mål. Kvifor er det slik?

Dikt av Lisa Villa Prosen

Eg trur det handlar om at kvar enkelt lærar, pedagog, føler (eller må stå?) ansvarleg for kva borna kan, og ikkje kan. Her er eit vakum som er vanskeleg. Kva om vi snur litt på det? – Pedagogen er ansvarleg for kva bornet kan bruke kompetansen sin til i framtida, for å få ny kompetanse seinare?

Det viktigaste vi gjer er å tilpasse opplæringa til kvar enkelt, som igjen betyr at ordet metodeansvar er mykje meir rett enn metodefridom.

Karriera til dei fleste som veks opp i dag vil trenge kunnskap som IKKJE involverer memorisere og gjenskaping av informasjon, men ta til seg og analysere informasjon, kommunisere, kollaborere, med ein dose stayerevne og sjølvguiding. Då må vi gjere meir av det. Situasjonsbetinga læring.

I ei verd med konstant forandring, seinaste ein tidleg vårdag i 2020 som vi har ferskt i minne, må vi endre praksis til å ha mindre fokus på «kva vi lærer» og meir fokus på «korleis vi lærer». Reiskapa, dei er der dei. Klare til å bli tatt i bruk. Det er avgjerande at vi har situasjonsbetinga læring som speglar utsida av institsjonen best mogleg. Får vi inn prosessorientert metodikk på toppen begynner det å lukte godt.

Her er Design Thinking i sitt ess. Den lærande vil kunne angripe alle typar utfordringar og omstender som ein designer, bli agenter for endring gjennom undring uansett kvar dei er og kva dei gjer i verda – i framtida. Design Thinking er ein menneskesentrert metode, der demokratiske prinsipp blir fostre gjennom struktur og reiskap for å lære. Ein designer vil eg definere som:

«ein person som brukar design som prosess og strategi til å tenkje, gjere handling for å forbetre ein situasjon eller erfaring eller løyse ei konkret utfordring» – Fri tolking av det eg har lese, erfart og eigne tankar.

Gjennom dei fem prinsippa som eg har skrive meir om i dei to førre innlegga, empatisere, definere, «ideate» prototype og testing der ein jobbar målretta og fokusert for å få mest mogleg ut av kvar fase, før ein går vidare til neste er kontinuerleg læring, uten å vite svaret på førehand. Slik senker vi tempoet, samtidig som vi kjem raskare og meir presist fram til målet. Rart eigentleg…

Forestill deg at du får spørsmålet «kva metode nyttar du?» – og du kan svare «Spennande at du spør, no skal du høyre (…)» – med trygghet som oser kompetanse.

Kjelder:

Tony Wagner – tal og forsking i presentasjon: https://cdn.ymaws.com/www.co-case.org/resource/resmgr/imported/Tony%20Wagner%20PowerPoint.ppt

Tony Wagner – The Global Achievment Gap (kortversjon): https://d1pf6s1cgoc6y0.cloudfront.net/572d38f568ab4c04aa26308a71da2025.pdf

Tony Wagner – Why Even our best schools dont teach the new survival skill our children need, and what we can do about it: https://www.semanticscholar.org/paper/The-Global-Achievement-Gap%3A-Why-Even-Our-Best-Don%27t-Wagner/f9615da131df0b441ce6307241d82d2b2d2ee162

Posted on 1 Comment

2) Design Thinking i und(r)ervisning – ein prosessorientert metode lære på.

Som eg var inne på i førre innlegg, Design Thinking i undervisning? – har du tid til det?, benytter Design Thinking seg av 5 fasar.

1)Empatisere

2)Definere

3) “Ideate”

4) Prototype

5)Test

På mange måtar vil eg påstå at Design Thinking i undervisning, er ein vidareutvikla “prosessorientert læringsmetodikk”. Vi aksepterer at læring er ein prosess, vi aksepterer at vi ikkje sit med det endelege svaret i starten. Som lærer aksepterer eg at vegen er målet. Som lærer aksepterer eg at eg er pedagog, ikkje allvitar. Eleven aksepterer at han kan utvikle kunnskap. Vi aksepterer at vi må lære, heile tida, for å utvikle oss og kunne tilnærme oss for å forstå.

Dette innlegget skal ta meir føre seg korleis ein kan tenkje kvart steg i undervisning. Vidare og seinare i denne serien om Design Thinking i undervisning, vil eg kome med konkrete opplegg der du kan prøve ut Design Thinking i ditt eige klasserom. I fare for å sei steg for seg, så i alle fall grunnmetodikken og tema der ein kan øve seg. Følg gjerne bloggen for å få varsel.

Det var oppmodinga, la oss bli meir konkrete.

1) Empatisere

Som vi var inne på sist innlegg, er målet å forstå brukaren via å empatisere og sette seg i den andre sin ståstad. Kjenne på, føle, forstå. Samtale nok om, til ein verkeleg kan kjenne på eigen kropp, kva som er målet.

empatisere

Vi må få tak i erfaringane som eksisterer, motivasjonen for å gå vidare. Vi må forstå problema, avgrensingane og føringane som ligg i vegen.

For å kome i gong med denne fasen blir gjerne intervju, dybdeintervju, mengdeintervju, observasjon, dokumentasjon nytta. Målet er å “bli til utfordringa”, rett og slett gjere problemstillinga og kunden, målet, utfordringa, problemet, til vårt eige.

Prøv å bli Henrik Ibsen. Prøv å tenk korleis det var å leve på midten av 1800 talet. Prøv å praktiser urettvis handsaming av kjønn. Sjå filmar om tida for å forstå samfunnet. Lær om nasjonalismen. Prøv å forstå korleis forfattarane nesten var sidestilt med prestar. Prøv å forstå at litteratur tilhøyrer rikmansen og ikkje alle. Prøv å forstå klasseskillet.

Vi må eige utfordringa sjølv, og kjenne den på kroppen, emosjonelt ta del.

2) Definere

Etter vi har greid å ta utfordringa emosjonelt inn over oss, gjort den personleg, kan vi starte med å definere. Litt obs her: det er veldig naturleg og starte denne fasen for tidleg. Hjernen vår er svært lite glad i utfordringar, og vil heile tida søkje etter svar. Når vi skal bruke Design Thinking er det viktig å akseptere at svara kjem, i sin fase. Inntil då, la søken etter svar ligge. Dette kan eg ikkje understreke nok!

Definere kva vi trur vi veit

Vi skal no definere det eigentlege problemet, utfordringa. Analysere og syntetisere informasjonen vi fekk i steg 1. Målet er å kome inn i rota. Verkeleg i dybden. Her gir det oss store høver for dybdeforståing.

Ein viktig teknikk her er å spørre “kvifor”, så mange gonger som råd. Minst fem gonger skal spørsmålet “kvifor” dukke opp. Minst… Kvifor var Henrik Ibsen viktig? Kvifor hadde ikkje kvinnene ei stemme i samfunnet? Kvifor ville Henrik Ibsen fremje kvinnesaken? Kvifor fekk mennesket ei ny rolle på kvinna grunna Ibsen? Kvifor er likestilling viktig? Kvifor lagde han teater framfor bøker? Korleis hadde samfunnet vore uten Henrik Ibsen?

Slik vi ein få fram orsaken til at han kanskje sette i gong sitt arbeid, hans motivasjon, hans ynskje, mål.. Slik kan ein starte å definere “kven var Henrik Ibsen?”.

Alle desse spørsmåla er med å konkretisere hans verk og skape forståing og definere..

Vi skal bombardere med spørsmål, uten å nødvendigvis få svar. Slik kan vi skape vår eigen definisjon av fase 1.

3) “Ideate”

I fare for betre namn, er vi no kome til idèfasen. Endeleg skal vi få lov å prøve å nærme oss svar. Men ikkje eit svar! Mange.. Så mange potensielle svar som vi overhode kan, av fase 2. Definisjonsfasen..

Kor mange idear kan ein greie å henge opp som kan løyse eit problem?

Her skal vi vere maksimalt kreative. Vi skal kome med så mange potensielle svar som mogleg, ukritisk. Dette er den fasen borna elsker. Ingen forslag skal neglisjerast, vi skal bygge på forslaga. Her er vi nøgd når vi har sprengt årsbudsjettet med gule lapper…

Teknikkar for å storme forslag til løysing er brainstorming, bodystorming, “værst tenkelege ide”, tankekart, 100 idear på 10 minutt”, fullfør ideen i gruppa der kvart medlem får sei eit ord…

Alle desse lappane skal forklare kvifor Henrik Ibsen er viktig og skal skape grunnlaget for hypoteser, eigendefinerte oppgåver, problemstillinger etc.

Her er vi nøgd når vi har sprengt budsjettet med gule lapper..!!

4) Prototype

Her starter vi med å skape. Vi skal prøve å skape ei løysing. Det kan vere ein film, tekst, teater.. Ei undersøking, ei teikning… Kva som helst. I den klassiske skuletankegongen er det her du skal få eit produkt som kan vurderast. I tankane mine omkring Design Thinking, er dette kun ein fase av totalen.

Lag ein prototype vel vitande om at det er berre eit steg på vegen mot å lære meir

Det næraste eg kan kome å kalle denne fasen noko, er “kladd”.. Dette er kladden.. Her skal vi prøve oss fram, vi skal teste, utforske, sjekke, finne ut om vi er på rett veg. Gjennom business-tankegongen og LEAN startup ville ein kalla det “minst verdifulle produkt” eller MVP. Målet er at den skal fungere, men kan bli veldig mykje betre, fordi vi skal skape noko vi kan få feedback på.

Vidare teste prototypen på publikum som vi sikter på. ;ottakarmedvit står i fokus.

Skape noko vi kan få feedback på, som fortel oss om vi er på rett veg. Mottakarmedvit.

5) Test

Vi skal endeleg få teste prototypen. Det kan vere at vi sender det inn til avisa? Kanskje vi har ei framføring? Kanskje vi skal halde ein presentasjon for bygda? Endelause stadar å teste prototypen.

Test prototypen, lær av tilbakemeldingane og dataen ein får inn-

Dette kan skape situasjon der ein må re-definere problemet, raffinere forståinga eller generere nye idear for å kome med betre løysing. Altså ein må gjerne tilbake til fase ein, to eller tre. Det er målet, kva fase må vi forbetre? Forstår andre det du ynskjer å formidle?

Endeleg skal vi finne ut om vi er på rett veg!