Posted on Leave a comment

Planleggingsverktøy til Fagfornyelsen

Blir eit kort innlegg på tips denne veka. Video forklarar meir enn ord.

UDIR har lagt ut betaversjon av planleggingsverktøeyet/reiskapet til Fagfornyelsen som trer i kraft 2020 for 1.-9. trinn. Dette er eit utruleg spennande reiskap vi lærarar kan ta i bruk for å planlegge økter, tverrfagleg arbeid i skuleåra som kjem.

Videoen under viser kvar du finn det, korleis du brukar det, så er det opp til deg og kollegaer å starte skuleåret 2020/2021 med å planlegge i lag, på tvers av fag med planar som er fagleg forankra.

Mitt mål er at alle nyttar dette på skulen, i alle fag, i alle trinn i eitt år, så har vi eit grunnlag for dei neste 8-13 åra vi kan bygge på. Meir tid til kvalitet med elevane, mindre til å finne opp kruttet kvart år.

Planleggingsverktøy frå UDIR til fagfornyelsen
Posted on Leave a comment

Framtida sitt klasserom / undervisningsrom med tanke på fagfornyelsen

Det er lett å tenkje, drøyme og fantasere, og det synes eg vi har lov til i desse tider. Framtida sitt klasserom ligger klart, med duk og dekka bord. Det er lov å utforske og tenkje veldig nye tankar, ettersom Fagfornyinga er rundt hjørnet og den vil krevje at ein gjer nett det.

Etter å lese, deltatt på workshops, webinar, tenkt, diskutert.. Det meste, så er det nokon tankar som slår meg.

Nytt, nytt nytt….

Vekeplan

Elevar kjem på skulen på dag X, går inn og ut av undervisning. Norsk, matematikk, engelsk og KRLE. Det er bytte av lærar, der alle har ei meining om at innhaldet i sine tilmålte minutt er det viktigaste i heile verda. Læraren er mest truleg engasjert, har godt opplegg og ynskjer å fange elevane. Opplever elevane det? Dei går inn, er med, går ut, går inn, er med, går ut, går inn, er med går ut.

Det fungerer ikkje.. Ein får ikkje kreativitet, kollaborering, kommunikasjon og kritisk tenking, medborgarskap, demokrati, livsmestring, folkehelse, kompetansemål, tverrfagleg arbeid, overodna del, samhandling.. Eller fokus..

Ein får kaos.

Klasserom

I skissa over, så ser dei fleste klasserom like ut, med kreative innslag. Men i botnen ser dei ca. slik ut:

Inn ei dør, vask i nærleiken, fastmontert skjerm på vegg med kateter, som igjen definerer retningen i klasseromsbussen med elever i 2-3-4-5 eller 6 rader, ein pult forran seg og ein stol å sitte på. Mange har ein blomst, farger, konkretiseringsmateriale, laminerte plakater, gjennomtenkte løysingar.. Men gjer det eigentleg ein stor skilnad? Det er ein buss.. Med passasjerer.. I seks timer og haugevis av stopp på vegen.

Kvifor må eit klasserom sjå ut som eit klasserom?

Kva om ein tenkjer heilt nytt? Mest truleg har det med det ordet, “nytt”.. “Det er faalig det” som han sa i Flåklypa. Spesielt i henhold til tradisjon.

Timeplan / vekeplan i opent læringlandskap

Her er barnehagen best! La oss berre innrømme det først som sist. Som pedagog i skulen har eg alltid beundra barnehagen. Dei har variasjon, er ute, er inne, har tema, fokus, føl årstider, i båt, går på fuglelydjakt, leiter etter dyrespor, slakter, lager mat, går på oppdagingsferd, leiker, har rollespel… Lista er umogleg å fylle ut. Den er lang.

SAMTIDIG SOM DEI HAR OVERSIKT OG GJENNOMTENKT PLAN.

Ein plan er ei skisse, eit utgongspunkt, men i skulen blir den fort førande og definerande. Fagfornyelsen skriker “tenk nytt”.

Under er ein timeplan. Den kan fort sjå slik ut.

..og relasjonen mellom innhaldet, kan fort vere sliK

Tenk å vere elev i dette… Du kan ha så gode lærarar du vil, med det mest engasjerande innhaldet som finnes.. Men.. Hadde du taklet det som mottaker? Det vi skapet med slik relasjon i timeplan er: Passive mottakarar i staden for –>

Aktiv deltager

Tema, overordna del, tverrfaglighet og kjerneelement er nøkkelen. Kva om planen var slik? (ja eg veit, Noreg har fag og timefordeling, men det er lov å tenkje på denne måten seier UDIR). Ein må tørre å tenkje nytt.. Og planlegge. Og ha reiskap for fleksibel læring i form av inventar og teknologi. Legg rammene med tverrfagleg organisering, møblering, vekeplan og inkluder teknologi som som eit reiskap til å lære med, så kan vekeplanen fort bli slik. Ikkje raud tråd (likar ikkje den fargen), men grøn tråd. Kanskje planen ser slik ut i 2-3 veker? Det skapar (kanskje) det hengande ordet; Djupnelæring (kva enn det eigentleg er..).

Klasserommet for fleksibel læring

Noko eg har hatt stor glede av å lese meg opp på er “The Future classroom lab”. Det oppstod i Brussel rundt 2012. Her tenkjer ein kombinasjonen av kompetanse mot 21. århundre sine ferdigheter og læring, tilpassa ulike læringsmetoder med tanke på personleg, aktiv læring. Læringsrommet er designa for å treffe engasjement og interaksjon og saman med teknologi som støtter og treffer / aukar læringsutbytte.

Kjelde: http://www.eun.org/professional-development/future-classroom-lab

Slik kunne ein i teorien satt opp ein læringsarena. Eit område er delt opp til ulike mål med ulik tilnerming. Mange vil tenkje det er vel futuristisk, men sjølv har eg prøvd det i eit tradisjonelt (buss)klasserom. Det første eg gjorde var å snu klasserommet. Vi sat ein ny veg, med døra og klokka i ryggen. Tavla var bak oss, ein avslappingsstad, lesehjørne, samtalesone og arbeidsstasjon. Det såg ca. slik ut:

Her hadde vi det som kunne sjå ut som fullstendig kaos, men vi storkosa oss. Her var det rom for ulik læring og trong. Det einaste som var ei utfordring etter eiga erfaring var den fastmonterte skjermen. Hadde eg hatt høve til å flytte på den, så ville det fungert enno betre.

Elevar er flotte. Dei tilpassar seg, men setter stor pris på mulighet til variasjon. Det er alt dei ber om.

Vil framtida sitt arbeid krevje at vi sit på rekke og rad i eit landskap og er passive? Eller at vi flyt rundt i omgjevnadar og jobber kreativt, saman med nytenking?

Så mitt ynskje er, tenk nytt. Over heile fjøla. For Fagfornyelsen ber oss om det. Men vi må tørre å ta den muligheten.