Utbrytarrom – Vikingtida

kr190.00 inkl. mva

Reis tilbake frå framtida, til vikingtida. Lad opp tidsmaskina med kunnskap. Kjem du deg heim igjen?

Kjem for salg i januar 2021

Buy now with

Description

I dette utbrytarrommet reiser du frå framtida, og tilbake. For å verkeleg forstå historia nytter ikkje det vi har lese og høyrd. Vi må oppleve. For kva er eigentleg sant når det kjem til historie?

 

Du har ei tidsmaskin, denne lader på kunnskap. Så lenge du lærer undervegs, vil maskina suge til seg det den kan og forhåpentlegvis ha nok kraft til å sende deg vidare i historia, og heilt heim. Men det er opp til deg!

Reis blant vikingar og oppdag ritualer, krigar og kristning.

Ser ein utelukka på kompetansemål er det få argument å arbeide med vikingtida. Går ein inn i kjerneelemnta i samf.fag gir det oss betre føresetnadar for å arbeide med denne spennande tida.

Undring og utforsking

Elevane skal kunne undre seg over, reflektere omkring og vurdere korleis kunnskap om samfunn før og no blir til. Elevane skal få vere nysgjerrige og aktivt kunnskapssøkjande og -skapande åleine og saman med andre både i og utanfor klasserommet. I tillegg skal elevane kunne innhente og bruke informasjon frå ulike typar historiske, geografiske og samfunnskunnskaplege kjelder for å kaste lys over forhold i ulike samfunn, til ulike tider, og i sitt eige liv. Dei skal òg kunne vurdere kritisk om kjeldene er pålitelege og relevante.

Samfunnskritisk tenking og samanhengar

Elevane skal forstå samanhengar mellom geografiske, historiske og notidige forhold og korleis desse forholda kvar for seg og saman har påverka og påverkar menneske og samfunn. Elevane skal få innsikt i den gjensidige påverknaden mellom natur og samfunn. Dei skal sjå korleis utviklinga i fortida var prega av både brot og kontinuitet og kva som bidrog til endringar, samt utvikle historisk empati. Elevane skal analysere korleis makt og maktrelasjonar har verka og verkar inn på ulike forhold i samfunnet. Dei skal vurdere kunnskap, hendingar og fenomen frå ulike perspektiv og reflektere over kvifor menneska har gjort og gjer ulike val.

Demokratiforståing og deltaking

Elevane skal forstå korleis geografiske, historiske og notidige forhold har lagt og legg føresetnader for høvet menneska har hatt og har til å samarbeide, organisere seg og ta avgjerder i ulike samfunn. Elevane skal få innsikt i forskjellar mellom land når det gjeld styresett og ivaretaking av menneskerettar og minoritetar, og dei skal sjå korleis forskjellar har hatt og har innverknad på folks liv og høve til å medverke. Dei skal forstå kvifor konfliktar har oppstått og oppstår, og korleis dei har blitt og blir handterte. Elevane skal få erfaring med demokrati i praksis for å kunne påverke og medverke til samfunnsutforming. Innhaldet i dette kjerneelementet skal sjåast i lys av ulike perspektiv, frå det lokale til det globale, og i urfolks- og minoritetsperspektiv, med vekt på fortid, notid og framtid.

Berekraftige samfunn

Elevane skal forstå korleis geografiske, historiske og (…)forhold har lagt og legg føresetnader for korleis menneska har dekt og dekkjer behova sine, og for korleis dei har fordelt og fordeler ressursar i ulike samfunn. Det inneber å sjå at geografisk mangfald og variasjon dannar rammer for livsgrunnlag og levekår. Elevane skal få innsikt i dei økonomiske, miljømessige og sosiale dimensjonane ved berekraftig utvikling, og samanhengen mellom desse. Dei skal forstå korleis endringar i fortida har påverka dei tre dimensjonane og dermed kor berekraftige ulike samfunn er. Elevane skal sjå at ressursbruken til menneska har hatt og har konsekvensar, og kunne vurdere handlingsalternativ for berekraftig utvikling på individuelt, nasjonalt og globalt nivå. Berekraftig utvikling i samfunnsfag skal sjåast i lys av ulike perspektiv, frå det lokale til det globale, og i urfolks- og minoritetsperspektiv, med vekt på fortid, notid og framtid.

Identitetsutvikling og fellesskap

Elevane skal få innsikt i korleis menneske utviklar identitet og tilhøyrsle, og korleis dei samhandlar med andre. Dei skal forstå kvifor menneske søkjer saman i samfunn, og korleis identitetsutvikling og fellesskap blir påverka av geografiske, historiske og notidige forhold. Det inneber ulike perspektiv på kva eit godt liv kan vere, og at elevane utviklar både historiemedvit og handlingskompetanse ved å forstå seg sjølve med ei fortid, notid og framtid.

Fra <https://www.udir.no/lk20/saf01-04/om-faget/kjerneelementer>

Eigne tankar

Sjølv om ikkje vikingtida er nemnt direkte i kompetansemåla, er det eit tema som opptar elevane og skaper engasjement. Derfor har eg valgt å lage dette Utbrytarrommet om temaet Vikingane tar over. Fagets relevans og sentrale verdiar seier

“Gjennom arbeidet med faget skal elevane forstå korleis geografiske, historiske og notidige forhold legg føresetnader for korleis menneske dekkjer behova sine, og for korleis makt og ressursar blir fordelte. “

Fra <https://www.udir.no/lk20/saf01-04/om-faget/fagets-relevans-og-verdier>

Dette gjer det mogleg å rbeide med historiske og notidige forhold. Etter økta er det fint mogleg å samtale om kva Vikingtida har satt som spor i dagens samfunn, gjerne opp mot engelsk og religion.

Rettleiiar:

Eg har latt elevane arbeide seg gjennom Utbrytarrommet i grupper. Her er mykje lesing og historie. Ekstra viktig er det at ein noterer seg svara på eit eige ark eller dokument undervegs. På slutten vil dei ha trong for å svare på fleire spørsmål knytt til ulike rom.

Å jobbe i grupper lar dei samarbeide og samtale om teamet på ein god måte.

Målform: Nynorsk

Gjennomføringstid: 1-2 timar

Alder: 5. klasse og oppover.

Reviews

There are no reviews yet.

Be the first to review “Utbrytarrom – Vikingtida”

Your email address will not be published. Required fields are marked *