Utbrytarrom – multiplikasjonseventyr

kr190.00 inkl. mva

Du kjøper ei fil som er pakka ned til .ONEPKG format. Kort forklart er dette ei “zippa” One Note fil. For å opne den MÅ du sitte på ei windowsmaskin med lisensiert versjon av One Note (betalt versjon/One Note 2016). Dette er den einaste måten å opne opp igjen fila. Forsikre deg om at dette er på plass før du kjøper!

Utbrytarrom i One Note, i Escape Room stil.

X tal bukkar skal til seters og.. Ja du kan resten. Desse bukkane derimot, lurer seg unna å bli knust ved å lære vekk multiplikasjonstriks til trollet.

Buy now with

Description

Om historia:

Rekneeventyret har utgongspunkt i dei Tre Bukkene Bruse. Dette passer bra for det er eit eventyr dei fleste kjenner igjen. Dette gjer det mindre skummelt. Det er mange eventyrtrekk i opplegget som gjer at det passer seg fint til tverrfagleg samtale i tillegg. Gjennom eventyret møter dei, her sju, Bukkene Bruse på trollet ved brua. For å kome seg vidare må dei vise trollet ulike reknestrategiar, korleis multiplikasjonstabellen fungerer, dobling, tips og triks med multiplikasjon. Til slutt, når den kanonstore Bukken kjem, får dei ei oppgåve med kanonstore tal (einsiffera multiplisert med tosifera). Her kan dei prøve seg med strategiar dei allereie har vore gjennom.

I nokon av romma ligg det lenkjer til spel som er gode for å pugge multiplikasjonstabellen, samt to oppgåver der ein kan jobbe med multiplikasjon på ein ny og kreativ måte.

Om det skulle vere noko, ta kontakt på post@endrepraksis.no

Målform: Nynorsk

Gjennomføringstid: 45 minutt om ein berre skal gjennom historia. 2-3 timar om ein brukar alle ressursane i historia

Passer for: sterke lesarar i 3. trinn. 4. til 7. skal fungerer fint.

Liten kommentar:

Multiplikasjon som eigenart ligg no plassert for 3. klassingar. Dette multiplikasjonseventyret kan vere vanskeleg for dei som finn lesing krevjande. Elevar som er sterke lesarar vil ned på 3. trinn ha utbytte av opplegget.

Sjølv om multiplikasjon har fokus i 3. trinn, betyr ikkje det at ein ikkje skal leike og trene på multiplikasjon seinare. Eg har brukt dette opplegget som supplement på heile mellomtrinnet for å repetere og leike med det dei kan.

Kompetansemål 3. trinn

  • Utforske multiplikasjon ved teljing
  • Eksperimentere med multiplikasjon og (…) i kvardagssituasjonar
  • Representere multiplikasjon på ulike måtar og omsetje mellom dei ulike representasjonane
  • Bruke kommutative, assosiative og distributive eigenskapar til å utforske og besrkive strategiar i multiplikasjon

Fra <https://www.udir.no/lk20/mat01-05/kompetansemaal-o…>

Kompetansemål 4. trinn

  • Lage rekneuttrykk til praktiske situasjonar og finne praktiske situasjonar som passer til oppgitt reneutrykk

Fra <https://www.udir.no/lk20/mat01-05/kompetansemaal-o…>

Reviews

There are no reviews yet.

Be the first to review “Utbrytarrom – multiplikasjonseventyr”

Your email address will not be published. Required fields are marked *