Sale!

Utbrytarrom – Mordet på slottet

kr 0 ,-inkludert mva

Skap eit utbrytarrom (Escape room) der du er, enten det er i klasserommet eller barneselskapet. Eller kanskje på hytta?

Kjære deg,

Eg skriv for å informere deg om at med bortgangen til ein slektning, fell no statusen som einaste arving til Blackwood

eigedomen og formuen på deg.

Dessverre, som du kanskje veit, gjekk Sir Charles bort under mistenkelege omstende for over hundre år sidan. Det vart opna ein sak, men på grunn av utbrotet av første verdskrig, står saka framleis uløyst den dag i dag. I testamentet hans stod det at om hans bortgang var under mistenkelege omstende, skulle arven

bli frosen til det tidspunktet saka kunne bli lukka. Vennligst finn vedlagt testamentet til tipp-tippoldefaren din.

Statusen som einaste arving til Blackwood eigedomen har blitt vidareført frå generasjon til generasjon. Vi har ingen annan moglegheit enn å halde tilbake eigedomen og formuen dersom

ikkje saka blir løyst.

For di nytte har eg lagt ved ein kopi av den originale saksmappa, om du ynskjer å undersøkje bevisa sjølv.

Med venleg helsing,

J.A.Edward Verjaren for Blackwood eigedomen, Hr. John Anthony Edward

 

Dette er eit testprosjekt og vil vere gratis til det er testa ut at det virkar.

Description

Gå tilbake til historiens sider og sjå om du kan løysa ei ondskapsfull forbrytelse. Året er 1914, og den velståande Sir Charles Blackwood er funnen død under uvanlege omstende. På grunn av krigsutbrotet forblei saka uløyst til denne dagen. Etter at eit mystisk testamente dukkar opp, der du blir nemnd som einaste arving til eigedomen hans, startar kappløpet for å løysa den gamle saka, skaffe rettferd for Blackwood Mansion og arve din formue! Det er no opp til deg å:

• Identifisera mistenkte.
• Finna ut kor dei var, kva motiv dei hadde, og kva våpen dei hadde tilgang til. • Når du har fylt ut tabellen, bruk instruksjonane under for å få tilgang til den endelige ledetråden.

Dette er eit prøveprosjekt saman med Escape Hunt (https://escape-hunt-nordic-as.myshopify.com/) der eit utbrytarrom er omsett til nynorsk. Her får du eit ferdig utbrytarrom, som du skriver ut og deler med elevane. Tilrår at dei er i grupper på mellom 3 til 6 spelarar saman.

 

Opplegget kombinerar norsk (nynorsk) og engelsk, og gjer det perfekt med tanke på tverrfagleg læring, samarbeid, kommunikasjon og utforsking. Av erfaring passer dette for born som er 12 år og oppover.

Passar for: 12 år og oppover

Situasjon: Barneselskap, undervisning, familiemoro

Målform: Nynorsk og engelsk.

Tis: 60 til 90 minutt.

Blir naudsynt med høve for å sende epost på slutten.

 

Presisering for å få til siste delen der ein skal sende e-post: adressa består av eit fornamn på ein person, og etternamn som er ein stad. Etternamnet, altså staden skal omsettast til engelsk. Hadde staden vore “kjøkken”, ville det blitt “kitchen”. Om fornmanet var Per, ville eposten blitt “Per.kitchen@gmail.com”.

Reviews

There are no reviews yet.

Be the first to review “Utbrytarrom – Mordet på slottet”

Your email address will not be published. Required fields are marked *