Description
Då har eg laga meg min eigen lærarplanleggar ettersom eg ynskjer å vere papirfri, og rett og slett ikkje er nøgd med det dei fysiske lærarplanleggarane vi får ut kvart år gir meg. Spesielt på møtefronten og undervisningsplanlegging. Det har eg inkludert i denne.
Denne lærarplanleggaren består av totalt 181 ferdige sider, med:
Kalendar for kvar mnd med hyperlinker til
- Vekeplanleggar
- TEAM Møte med vekenummer
- Sider for tverrfagleg samarbeid
- Samtaleark
- Fritt område til drodling, teikning eller demonstrasjon
- Undervisningsplanleggar
Ettersom det er avgrensa kor stor den er, så er det alltid mogleg å duplisere sider etter du har lasta den ned. Dette blir naudsynt å gjere på Undervisningsplanleggaren då det ligg 3 klare for kvar mnd. I appen du nyttar og legg den inn i, er det mogleg å duplisere sider etterkvart som du treng fleire uten avgrensningar.
Har tidlegare laga digital lærarplanleggar i One Note som mange har tatt i bruk. Ettersom eg kunne tenkje meg enno meir interaktivitet, då læraråret er langt, enda eg opp med å lage årets planleggar i PDF format.
Om du er som meg, og likar å vere papirfri slik dei fleste som vitjar meg vil, så fungerer denne planleggaren utmerka godt med brett og tilhøyrande penn. Det finnes mange appar som kan opne opp PDF og gjere det mogleg å annotere/skrive på.
Min personlege favoritt er Good Notes. Denne finens i App Store for iPad, Google for Android og Chromebooks, samt det er mogleg å laste ned skrivebordversjon til Windows. Her er link til Good Notes:
Windows: Trykk HER for å laste ned Good Notes: Denne er i BETA versjon, så kan vere noko av funksjonalitet som ikkje er på plass.
Android: Trykk HER for å laste ned Good Notes: Denne er i BETA versjon, så kan vere noko av funksjonalitet som ikkje er på plass.
Apple: Trykk HER for å laste ned Good Notes
(NB: Eg er ikkje sponsa for å fremje Good Notes, det er kun ein personleg favoritt).
Andre appar som og fungerer veldig godt er Notability og Nebo for å nemne nokon.
Tekniske spesifikasjonar: Dette er ein PDF som inneheld hyperlinker. Du kan importere den inn i ulike annoteringsappar, men du er sjølv ansvarleg for tilgong på denne appen.
Reviews
There are no reviews yet.