Sale!

Digital lærarplanleggar skuleåret 23/24 (bokmål). Tilbod fram til skulestart

kr 99 ,-inkludert mva

Dette er ein digital planleggar for skuleåret 2023-2024 som eg har laga til eige bruk. Ettersom mange etterspurte om eg kunne dele den gjorde eg det.

Det kan vere den inneheld feil i form av rettskriving då eg ikkje har hatt det veldig stort fokus på redaktøransvar, men i størst mogleg grad fokus på nytteverdi opp mot å ha ein planleggar.

Det er hyperkoplingar mellom kalendar til ulike “overskrfiter” som gjeld kva mnd.

Den delen som heiter “undervisningsplan” er det 2 eksempel av i kvar mnd og du må sjølv kopiere opp fleire. Dette er fordi det er avgrensa kor mange sider PDF`n kan vere på. Sjå video under korleis.

Fila er ein PDF som eg legg inn i eit annoteringsprogram som heiter Good Notes. Det er mange andre appar, som til dømes Notability, Evernote, NEBO for å nemne nokon. Du er sjølv ansvarleg for å sjekke ut om du kan nytte den på din digitale dings.

Buy now with

Description

Då har eg laga meg min eigen lærarplanleggar ettersom eg ynskjer å vere papirfri, og rett og slett ikkje er nøgd med det dei fysiske lærarplanleggarane vi får ut kvart år gir meg. Spesielt på møtefronten og undervisningsplanlegging. Det har eg inkludert i denne.

Denne lærarplanleggaren består av totalt 181 ferdige sider, med:

Kalendar for kvar mnd med hyperlinker til

  1. Vekeplanleggar
  2. TEAM Møte med vekenummer
  3. Sider for tverrfagleg samarbeid
  4. Samtaleark
  5. Fritt område til drodling, teikning eller demonstrasjon
  6. Undervisningsplanleggar

Ettersom det er avgrensa kor stor den er, så er det alltid mogleg å duplisere sider etter du har lasta den ned. Dette blir naudsynt å gjere på Undervisningsplanleggaren då det ligg 3 klare for kvar mnd. I appen du nyttar og legg den inn i, er det mogleg å duplisere sider etterkvart som du treng fleire uten avgrensningar.

Har tidlegare laga digital lærarplanleggar i One Note som mange har tatt i bruk. Ettersom eg kunne tenkje meg enno meir interaktivitet, då læraråret er langt, enda eg opp med å lage årets planleggar i PDF format.

Om du er som meg, og likar å vere papirfri slik dei fleste som vitjar meg vil, så fungerer denne planleggaren utmerka godt med nettbrett og tilhøyrande penn. Det finnes mange appar som kan opne opp PDF og gjere det mogleg å annotere/skrive på.

Min personlege favoritt er Good Notes. Denne finens i App Store for iPad, Google for Android og Chromebooks, samt det er mogleg å laste ned skrivebordversjon til Windows. Her er link til Good Notes.

 

Windows: Trykk HER for å laste ned Good Notes: Denne er i BETA versjon, så kan vere noko av funksjonalitet som ikkje er på plass.

Android: Trykk HER for å laste ned Good Notes: Denne er i BETA versjon, så kan vere noko av funksjonalitet som ikkje er på plass.

Apple: Trykk HER for å laste ned Good Notes

(NB: Eg er ikkje sponsa for å fremje Good Notes, det er kun ein personleg favoritt).

Andre appar som og fungerer veldig godt er Notability og Nebo for å nemne nokon.

 

Denne versjonen er på bokmål.

 

Tekniske spesifikasjonar: Dette er ein PDF som inneheld hyperlinker. Du kan importere den inn i ulike annoteringsappar, men du er sjølv ansvarleg for tilgong på denne appen.

Du kan laste ned 1 gonger med dette kjøpet.

 

 

Reviews

There are no reviews yet.

Be the first to review “Digital lærarplanleggar skuleåret 23/24 (bokmål). Tilbod fram til skulestart”

Your email address will not be published. Required fields are marked *