Sale!

Rekneeventyr (reknestrategi)

kr 0 eksl. mva og frakt frå Oslo

Om historia:

Rekneeventyret har utgongspunkt i dei Tre Bukkene Bruse. Dette passer bra for det er eit eventyr dei fleste kjenner igjen. Dette gjer det mindre skummelt. Det er mange eventyrtrekk i opplegget som gjer at det passer seg fint til tverrfagleg samtale i tillegg. Gjennom eventyret møter dei, her sju, Bukkene Bruse på trollet ved brua. For å kome seg vidare må dei vise trollet ulike reknestrategiar, korleis multiplikasjonstabellen fungerer, dobling, tips og triks med multiplikasjon. Til slutt, når den kanonstore Bukken kjem, får dei ei oppgåve med kanonstore tal (einsiffera multiplisert med tosifera). Her kan dei prøve seg med strategiar dei allereie har vore gjennom.

I nokon av romma ligg det lenkjer til spel som er gode for å pugge multiplikasjonstabellen, samt to oppgåver der ein kan jobbe med multiplikasjon på ein ny og kreativ måte.

Målform: Nynorsk

Gjennomføringstid: 45 minutt om ein berre skal gjennom historia. 2-3 timar om ein brukar alle ressursane i historia

Passer for: sterke lesarar i 3. trinn. 4. til 7. skal fungerer fint.

Liten kommentar:

Multiplikasjon som eigenart ligg no plassert for 3. klassingar. Dette multiplikasjonseventyret kan vere vanskeleg for dei som finn lesing krevjande. Elevar som er sterke lesarar vil ned på 3. trinn ha utbytte av opplegget.

Sjølv om multiplikasjon har fokus i 3. trinn, betyr ikkje det at ein ikkje skal leike og trene på multiplikasjon seinare. Eg har brukt dette opplegget som supplement på heile mellomtrinnet for å repetere og leike med det dei kan.

 

Description

 

Dette er eit utbrytarrom som er mest for moro.

Gratis for nedlasting, lett å teste ut om dette er noko for deg og din klasse.

Gjer oppmerksom på at for å hindre plagiat og distribusjon så er det 2 nedlastinger etter kjøp, og nedlastingslinken forsvinn etter 7 dager. Les gjerne kjøpsavtale før kjøp: https://endrepraksis.no/personvern/

Reviews

There are no reviews yet.

Be the first to review “Rekneeventyr (reknestrategi)”

Your email address will not be published.