Eg har arbeida som kontaktlærar på ein 1-10 skule siden 2012. Har fagspesialisering i norsk, kroppsøving og innføring i spesialpedagogikk. No har eg funne meg eit favorittområde, IKT og læring. Held på med ein master i IKT i læring ved HVL stord pr. i dag og har i det høve kome med mange tankar rundt digitalisering av klasserommet. 

Er godkjent Apple Teacher og Microsoft educator gjennom opplæringsprogrammet til Apple og Microsoft.

Ved siden av å arbeide som som lærar har eg vore med på ekstern vurdering der ein arbeida systematisk for praksisendring gjennom observasjon. Der har vi vore auge og øyre inn i skulen, for å sjå på eksisterande praksis opp mot ynskja praksis. 


Pr. i dag har eg følgjande kompetanse, og arbeidar stadig for å auke den:

  • digital kompetanse/21st century learning
  • IKT og læringsteori
  • IKT i planar - og i alle fag
  • digital didaktikk/undervisningsplanlegging
  • Web 2.0 og PLN (personleg læringsnettverk)
  • digitale læringsressursar
  • e-læring
  • Barndom og ungdom i ei digital verd
  • Skulens digitale tilstand
  • Teknologi og etikk i pedagogisk kontekst
  • Elev- og lærarroller i multimodale læringsmiljø
  • Vurdering som pedagogisk verktøy
  • Sosiale medium

Mangfald og inkludering i det digitale klasserom

Eg har arbeida med:

planleggje, gjennomføre og vurdere pedagogisk utviklingsarbeid med fokus på bruk av IKT som reiskap i læringsarbeidet gjennom samfunnsmessig kontekst.


Eg skal kunne leie utviklingsarbeid for å utvikle digital kompetanse i barnehage og skule og særskilde utfordringar for leiing og implementering av teknologisk endringar i pedagogisk verksemd.

Dette skal eg kunne gjennom å ha inngåande kunnskap om born og unge sin oppvekst og danning i ulike læringskontekstar og kunnskap om bruk av sosiale medium i ei pedagogisk ramme. Her kjem ferdigheiter i å kunne analysere utfordringar born og unge møter i mediesamfunnet og analysere og vurdere multimodale læringsmiljø gjennom refleksjon og vurdering av bruk av IKT i ein heilskapeleg pedagogisk kontekst.


Eg kan vere kritisk og har profesjonskompetanse og kan styrke og utvikle samarbeid om utvikling av eit helskapeleg læringsmiljø for born og unge.


Studiet har sterkt fokus på digital kompetanse og relevant teoretisk perspektiv knytt til IKT i klasseromspraksis.


Eg har mykje innsikt i type digitalt læringsmateriell, kunnskap om digitale læringsmateriell og innegåande kunnskap om nye perspektiv på undervisningsplanlegging i teknologitette læringsmiljø.


Ein styrke er å analysere læring på nett og eleven si rolle og handlingar i e-læringssituasjonar. Vi har arbeida med breidt spekter av teoriar, problemstillingar, prosessar og reiskap. Eg trur at det å bruke IKT og internett for å variere, aktualisere og effektivisere fagleg læring og utviklingsarbeid på ein sjølvstendig måte er vegen å gå.


For å greie dette må ein kunne skildre, reflektere og vurdere korleis IKT påverkar form, innhald og kvalitet i undervisning og læring. Det å drøfte bruk av digitale reiskap og vurdere ulike teoriar og forskingsresultat innen feltet.


Målet må vere å skape eit personleg læringsmiljø gjennom praktisk og teoretisk problemstillingar som relevante for dagens samfunn for å gjere læring relevant. I botn skal forsking ligge til grunn for faglege innspel, kritisk refleksjon og samspelet mellom læring, fag og IKT. Ikkje minst må ein finne utfordringane digitale reiskap i læring faktisk gir. Det er pedagogens ansvar å nytte dei rett.

Frå før er eg utdanna adjunkt, med ekstra kompetanse på idrett, spesialpedagogikk som fag og forskingsfelt, pedagogisk tilnermingsmetodar med sikte på born, unge og vaksne som treng særskilt tilpassa opplæring i tillegg

På telefon!

Man - Fre: 08.00 - 16.00

Lør- Søn:     Stengt

E-post: Svarar så fort eg kan!