Om

Lidenskapleg opptatt av at born skal få lære med reiskap for framtida, undre og undersøkje.

Kven er eg? – Kva gjer eg? – Og kvifor?

Mitt namn er Endre, eg er lærar. Det har eg vore siden 2012. I utdanninga mi har eg matematikk, drama, GLSM, årsstudium i idrett og norsk. Har ein pågåande master i IKT og læring. Har jobba som kontaktlærar på mellomtrinnet i 6 år og norsk på ungd.skule, kroppsøving 1.-10 siste 10 åra.

Lidenskapleg opptatt av bruk av digitale reiskap til å forsterke læringsutbyttet. I 2015, etter 3 år på barneskulen bytta eg ut læreboka med OneNote, papir og kladd til prosessorientert arbeid i skya, tankekart til Padlet og prøver til utbrytarrom. Elevane fekk lage skriftlege tekstar i norsk, programere historia i Scratch for å visualisere den. Dei fekk skape eigne problemstillingar gjennom ein prosess, der vi alle viste at læringa skjedde underveis, ikkje til slutt. Det digitale vart eit reiskap og hjelpemiddel til å lære med, ikkje av!

Kva gjer eg

Føredragshaldar for Barnevakten

Lager læringsopplegg gjennom storytelling hos DigLEE

Sel interaktive skjermar og STEM læringsreiskap for Ednology, AV-partner og i3Technologies

Apple proffesional learning specialist

Freelance, mellom anna som pedagog i Matematikkspelet Numetry og iPad-pedagog for Kreasjon, pedagogisk storytelling hos DigLEE og STEM utstyr frå Ednology.

Erfaring

APLS (2020 – framleis )
Fekk sertifisering som Apple Proffesional Learning Specialist av Apple. Er godkjent Apple pedagog gjennom opplæringsprogrammet til Apple


Sjølvstendig næringsdrivande (2018 – framleis )
Starta Endre Praksis AS for å drive med IKT og læring, digitalpedagogikk og teknisk og didaktisk opplæring i bruk av digitale reiskap for å lære med.


Jobbar saman med DigLEE (2020 – framleis )
Saman med DigLee lager eg læringsopplegg med storytelling som metodikk. Lær meir om DigLee på https://www.diglee.no/.


Føredragshaldar for Barnevakten (2019 – framleis )
Held føredrag for Barnevakten.no til skular, elevar og føresette innen barns bruk av media på nett. Lær meir om Barnevakten på https://www.barnevakten.no/


Pedagogisk ansvarleg i matematikkspelet Numetry (2019 – framleis)
Starta å jobbe med Eduplaytion i utviklinga av matematikkspelet Numetry. Finn ut meir om matematikkspelet Numetry på http://www.numetrygame.com/


STEM læringsreiskap frå Ednology (2021 – framleis)
Gjennom selskapet Ednology kan eg levere det meste innen digitale reiskap og STEM læring til oppvekst. Finn ut meir om Ednology ved å besøkje https://www.ednology.com/


Interaktiv skjerm og iMO-learn frå i3 (2021 – framleis)
Gjennom i3Technologies vart eg kjent med den interaktive stolen iMO-learn og skjermane i serien i3. Kan levere prisgunstig og opplæring. Finn ut meir om i3Technologies ved å besøkje https://www.i3-technologies.com/


Plasstillitsvalgt(2015 – 2017)
Plasstillitsvalgt på skulen for Utdanningsforbundet


Lærar (2012 – framleis)
Kontaktlærar på mellomtrinnet i faga norsk, matematikk, kroppsøving og samf.fag og faglærar i norsk på ungd.skulen