Posted on Leave a comment

Teknologi i klasserom

Det handler om å vere smart. Smart i korleis ein starter, smart i korleis ein bruker og smart ein evaluerer. Er ein det, kan ein oppnå meiningsfull bruk i klasserommet.

Respons har over ein periode via mykje tid til å undersøkje nett det. Eit prosjekt mellom Lesesenteret og ein kommune fulgte og studerte ein kva som skjer når der er 1:1 løysing med bærbar eining på pr. elev i perioden 2014-2017. Mykje av inspirasjonen til teksten kjem frå denne undersøkinga og er henvist til og kjelda nedst så du kan lese om du ynskjer.

Vil styrking av tilgong på digital ressurs bidra til å fornye undervisningspraksis?

Deltaking og deling er pedagogiske kjerneverdiar som lett lar seg overføre med bruk av digitale reiskap. Men det må gjerast smart, og med ein plan. Eg har liten tru på at setninga “her er ein digital dings, no blir alt bra” nokon sinne kjem til å bli bra. Nei, ein må vere kloke. Ein må gjere heimearbeidet sitt. Og praktisere det vi seier til ungane, “om du jobber med dette, så løsner det” – kanskje vi skal følge eigne råd?

Dei fleste arena setter sin lit til teknologien, men klasserommet er moglegeins framleis kanskje unntaket? Det blir trekt fram to omgrep, “teknologioptimisten” og “teknologipessimisten”. Den spenner seg frå “teknologi er løysinga på dei fleste utfordringane” til “teknologi vil gå på bekostning av den tradisjonelle undervisninga” (Rongved, 2018).

Er vi framleis i ein enten-eller verd? Så klart vil der vere endring i prakis, så klart må ein endre praksis, når reiskapa forandrar seg. Ta snekkeren som fekk spikerpistol, han står ikkje å dundrer med skaftet på spikeren for å få den i veggen? Det skulle tatt seg ut.

Introduksjonen – utrullinga

Her ligg mykje av nøkkelen til suksess eller ikkje. All endring vil stort sett vere ledsaga av kaos. Kaoset oppstår av usikkerhet og nysjerrighet. Det er heilt naturleg. Når borna skal sykle for første gong, så er der kaos. Kaos fordi ein er redd for at det kjære vi har skal skade seg, kaos fordi kompetansen til den som utfører er låg og fordi vi ikkje veit konsekvensen av kva vi held på med. Slik er det med innføring av digitale reiskap for å lære med og. Men vi øver. Og aksepterer, at vi øver, “om du jobber med dette, så løsner det” hugser du?

Dialogen

Dialogen mellom elev-lærer og elev-elev er viktig. Der er vi alle einig trur eg. Munnlege samtalar, relasjonsbygging, tilbakemelding, rettleiing, prosessorientert metode, samarbeid, deling.. Alt dette bygger kompetanse, relasjon og utvikling. Med digitale reiskap vil dialogisk aktivitet utvide seg, informasjonssøke, samtale om funn, vurdere “fake news” vs haldbare funn, samarbeid, rask respons, bruke eiga stemme, tankekart for å synleggjere den totale kompetansen omkring eit tema i klassen. På denne måten er elevane med å definere nivået dei er på, og er dermed med å påverkar nivået av undervisning.

Gjennom samskrivingsreiskap vil ein som lærar enkelt kunne vere tilstade under sjølvse produksjonen, i staden for å alltid ligge bakpå med å sei kva som fungerer og ikkje. Når eg ser ein elev formulere seg, live, og kommenterer i lag med eleven, så har vi òg ein dialog, ein dialog der eleven er med og gjer justeringar og er motivert for det.

Digital dialogisk aktivitet

Tilgong

48 % av kommunane har gjort politisk vedtak om 1-1-løysing for ungdomstrinnet.
Barneskulen ligg bakpå med 25 % på 1.-4., og for 5.-7. med 29 %. Isolerer ein til dei kommunene som har vedtatt 1-1-løsning for ungdomsskolen, er der tendens til at vedtaket får ringverknad for barne- og mellomtrinnet. I kommunene som har digitalisert ungdomsskulen, er det innført vedtak om 1:1-løsning på 48 % av barnetrinnene og 57 % av mellomtrinnene. Altså er tala der det er satsa på ungd.skule dobbelt så høge (Skaftun og Brønnick 2018).

Nytteverdi

Undersøkinga viser positiv haldning til digitalisering blant skuleeigar og. Om teknologi har plass i framtida i skulen svarer 67% av eigarane at det er lurt med ein enhet til kvar elev, 56% for 1:1 løysing. Faktisk kun 2% svarer at 1:1 løysing utfordrar grunnverdiane i skulen og 1% at det å gi elevane kvar sin enhet skaper fleire problem enn det løyser (Skaftun og Brønnick 2018).

“Ein les dårleg på skjerm”

Her er det rom for mange gode diskusjonar. Og ikkje minst, ganske mange enkle tolkingar som vi støtter oss på, fordi vi “trur” og “ynskjer” at ting skal vere som dei har vore. Det motsette av å endre praksis. Meiningar skal det vere, det er bra det, men forsking må få uttale seg og. Så må ein forstå at i all forsking er det kun faktorar som er observert. I det du setter to faktorar saman, vil den eine påverke den andre. Her har vi “trudd” mykje, uten å forstå kva vi ser.

Læringsutbytte er djupnelæring og problemløysing, i alle fall blir det sentrale omgrep når ein skal snakke om læringsutbytte i dagens skule, og neste åra med Fagfornyinga. Element for å oppnå dette er kreativitet, kollaborering, kommunikasjon og kollaborering. Ein skal vere produsent av eigen kunnskap, framfor konsument, ikkje reprodusere innhaldet i læreboka. Vakre ord, så lett å gjere, så vanskeleg å forstå korleis med gårsdagens praksis i bakhovudet?

Skjermlesing vs papirlesing er ein anna debatt. Ber vi alle som gjennomfører undersøkinga å lese på papir? Eller skjerm? Det vil sjølvsagt påverke resultata! Der er funn som kan tilseie at skjermlesing ikkje er optimalt, når testen blir gjort på papir, men så er det tolkinga av data då. Der kan vere signifikante funn (ikkje tilfeldige), men låg statistisk effektstorleik. Funn kan vere “ikkje tilfeldig”, men ha liten praktisk betydning likevel. Oppføgingsstudie som vart gjort der elevar leste på iPad i staden for papir vart gjort, og gjett kva? Forskjellane (dei signifikante verdiane) forsvann. Faktisk var det positiv haldning til å lese på skjerm (Skaftun og Brønnick 2018) !

Vi må vurdere korleis vi tolker resultat, i staden for å vere bastant – i fare for å vere bastant på nett det.

“Ein lærer med blyant”

Her får vi nok same resultat som over. Om vi lærer betre med blyant, handler stort sett om undersøkingar der vaksne skal lære seg og skrive og hugse bokstavar i eit framand alfabet. Då får vi feil verdiar, eller resultat dit etter. Dei som øvde med blyant gjorde det betre enn dei på tastatur riktignok, aktivering av språksenteret (Brocas-senteret) var meir aktivert med blyant. Så då er det klart då? Blyant er betre?

Men kva om ein ser litt vidare og breiare på den pedagogiske skriveforskinga der ein utelukka ser på kontekstuelle forhold, men neglisjerer dei individuelle, psykologiske, fysiologiske, sansemotoriske og fenomenologiske forholda? Er dei forska godt nok på? Nei, vi ser utelukka på språksenteret og dets aktivering.

MEN;

Er det gitt at om språksenteret er meir aktivert, at du lærer betre? Det er streng tatt kun kodemestring, reproduksjon, og har lite med omgrepet læring slik ein som pedagog skal forholde seg til det. I alle fall slik Fagfornyelsen setter fokus på omgrepet læring. Kodemestring er reproduksjon. Konsument av læring, ikkje produsent. Eg trur på ein gyllen middelveg.

Skaftun og Brønnick (2018) skriv det så fint

“Hvis skolen blir et museum der elever rustes til et liv i utstillingsmontrene, men ikke til en videre utdanning og arbeidsliv som er gjennomdigitalisert, har vi feilet”.

Vi må endre praksis

Tolmod er ein dyd. Vi må tilpassa oss “the internet of things” og den digitale tidsalderen, der jobber som bornet i barnehagen skal ha, ikkje er oppfunne enno. Digitale reiskap er, og må, og skal bli ein endringsagent (Rongved-2, 2018).

Utrulling er hengivenhet, kaos, feil, læring, som skaper avsmak og føresette og lærarar, samt frustrasjon og støy. Heilt naturleg. Vi endrar praksis. Få “liker” det.

Implementering er der nye normer og regler, metodar og strategiar blir innarbeida. Der kompetansen til lærar og elev aukar og produksjon av læring er i fokus framfor konsum.

Orden er endring av praksis er blitt etablert praksis og tar igjen teknologien. Der systemnivået er plastisk og forandra og hensiktsmessig bruk.

T-T-T, men det betyr ikkje at det går adundas fordi vi ikkje veit resultatet. Når gjer vi eigentleg det?

Endre praksis, med Endre Praksis

Kjelder:

Elisabeth Rongved (2018): Egen PC til hver elev kan gi nye muligheter i undervisningen. https://lesesenteret.uis.no/forskning/forskningsprosjekter/respons/aktuelt/egen-pc-til-hver-elev-kan-gi-nye-muligheter-i-undervisningen-article120250-14073.html?articleID=120250&categoryID=14073

Elisabeth Rongved-2 (2018): Elevene må få tilgang på teknologi i klasserommet. https://lesesenteret.uis.no/forskning/forskningsprosjekter/respons/aktuelt/elevene-ma-fa-tilgang-pa-teknologi-i-klasserommet-article120192-14073.html?articleID=120192&categoryID=14073

Skaftun og Brønnick (2018): Stener kan ikke flyve https://lesesenteret.uis.no/blogg/stener-kan-ikke-flyve-om-digitalisering-av-skolen-article124347-22354.html?articleID=124347&categoryID=22354

Posted on Leave a comment

Planleggingsverktøy til Fagfornyelsen

Blir eit kort innlegg på tips denne veka. Video forklarar meir enn ord.

UDIR har lagt ut betaversjon av planleggingsverktøeyet/reiskapet til Fagfornyelsen som trer i kraft 2020 for 1.-9. trinn. Dette er eit utruleg spennande reiskap vi lærarar kan ta i bruk for å planlegge økter, tverrfagleg arbeid i skuleåra som kjem.

Videoen under viser kvar du finn det, korleis du brukar det, så er det opp til deg og kollegaer å starte skuleåret 2020/2021 med å planlegge i lag, på tvers av fag med planar som er fagleg forankra.

Mitt mål er at alle nyttar dette på skulen, i alle fag, i alle trinn i eitt år, så har vi eit grunnlag for dei neste 8-13 åra vi kan bygge på. Meir tid til kvalitet med elevane, mindre til å finne opp kruttet kvart år.

Planleggingsverktøy frå UDIR til fagfornyelsen
Posted on Leave a comment

One Note klassenotatbok med elevar

Class notebook

One Note har på mange måtar revolusjonert korleis eg jobber med elevar.

Litt bakgrunn om One Note

Her var Microsoft geniale. Dei hadde programvarer for dei fleste typar arbeid, teknologien tilgjengeleg for tekstbehandling, talbehandling, bilete, kommunikasjon, det meste. Litt i det skjulte sat dei og jobba med det som vart One Note. Tanken var ekstremt enkel.

Kva skulle ein med One Note?

La oss ta alle funksjonane vi har i andre pogram, hive dei inn i eit og same program. Vi aner ikkje kva One Note skal bli brukt til !

Det er genialt. One Note kan brukast til det du måtte tenkje, det er opp til brukaren og finne den beste bruken for seg sjølv. Perosnleg brukar eg One Note til handleliste, lærarplanlegger, dagbok, undervisning, lagringsstad for artiklar.. You name it.

Bakdelen med One Note?

Det er så utruleg mange funksjonar, og det er summen av funksjonane og bruken av dei som gir effekt. For mange blir det for komplisert å kome i gong og over dørstokkmila.

Det er eingong slik at ein må forstå litt, for å bruke, for å lære meir. Med One Note erfarer eg at det er krevjande for mange å kome skikkeleg i gong med det. Personleg veit eg at One Note kan nærast løyse alle ting eg kan kome på, enten eg skal sette inn ein avansert formell, rekne, distribuere, vise video, hyperlenkje, samskrive, ha vekeplanar, legge inn artikkel som eg vidare kan annotere på med penn.. Alt eg treng eigentleg.

One Note
One Note i skolen.

Så på toppen kom:

One Note klassenotabok / Class NoteBook

Her kom enno fleire høver, som der du får tilgong til elevar, delta i arbeidsprosessen, distribuere materiale, legge inn video, filer.. Du kan rett og slett organisere heile faget ditt, heile året, og vere delaktig i arbeidsprosessen eleven har. For meg har One Note blitt det viktigaste reiskapet eg har for prosessorientert læring.

I videoen under viser eg i løpet av 16 minutt dei absolutt viktigaste funksjonane du må kjenne til for å organisere inndelingar med innhald, distribuere inndelingar og sider for å kunne oppnå ein herleg arbeidsflyt i ditt læringsrom.

Class Notebook / One Note klassenotatbok med elevar

Om du ynskjer å få diverse tips og triks på e-post, besøk gjerne www.endrepraksis.no (eller trykk på “heim” heilt øvst her), bla deg nedst på sida og legg igjen e-posten din.

Posted on Leave a comment

Digital klasseskille hos pedagoger? Nokon refleksjonar.

Det digitale skillet er på veg, kanskje like raskt som teknologien rører seg framover? For å starte med eit forslag til definisjon, vil digitale skiller kunne høyres noko slikt ut:

Digitalt klasseskille

Viser primært til sosiale og økonomiske skilnadar som endrer seg eller aukar som følge av at forskjellige grupper i samfunn får ulik tilgang til teknologi. 

Søkjer ein etter digitalt klasseskille, kjem det mange utsegn, tekstar, tankar. Frå gode kjelder som Regjeringen.no, Utdanningsnytt og alle andre aktører som melder seg inn for å skape ein betre skule. Akkurat som eg gjer no.

La oss nett reflektere over fakta, så tenkje litt tanker. Kor mange pedagoger det er i Noreg er eit litt vanskeleg tal, då mange ikkje er i arbeid som pedagog, og talet på ufaglært er vanskeleg, men eg tørr tippe der er omtrent 180.000 + (kjelde: Ssb). Uansett om talet mitt er heilt feil, så kan vi anta det er ein heil del, i skule og barnehage. Det vi forhåpentlegvis alle er einige om som arbeider i oppvekstsektoren er at målet vårt er å ta vare på, vidareutvikle og førebu borna på framtida.

alt som må mestres i skulen

Eg lurer då på kvifor denne sektoren finn det så vanskeleg å tenkje innovativt og framtidsretta? Kvifor organiserer skulen seg som den gjorde for hundrevis av år eller har innslag av metodar som var tilpassa dei som fekk avgrensa tilgong til opplæring og måtte passe på repetisjon i form av heimearbeid (lekser)?

Er det slik at læringsrommet til sjuande og sist er avhengig av pedagogens kompetanse og ingenting anna? La oss sei det først som sist, det er store skilnadar i pedagogens digitale kompetanse. Rapportar viser at denne skilnaden aleine er med på påverke eksamensresultat (Kjelde: Regjeringen).

Rikke Høistad Sjøberg i Kunnskapsdepartementet:

Vi skal ha en skole der alle elevene lærer å bruke og beherske digitale verktøy, og får mulighet til å lykkes, sier statssekretær

Det er den enkelte kommunen og skuleeigar sitt ansvar. Men det er vanskeleg å ta ansvar for noko ein ikkje veit om er mi erfaring. Det er først når ein har oppdaga kva digital kompetanse kan medføre, ein greier å sjå fordelen med å inneha. Mange stader er det fyrtårnspedagoger, men ein ender fort opp som digital vaktmester.

Men kva med brukaren? Eleven? Bornet? Dei blir og utsett på dette skillet.

Der er mange aktører som verkeleg har heve seg rundt, og gjer avansert teknologi tilgjengeleg for “kvermansen”. Lær Kids koding, Forskerfabrikken, Newtonrommene, Vitensenteret og Lego er få av mange aktører som alle tar på seg eit ansvar å tilgjengeleggjere det som framtida som venter borna vil vere.

Men kvifor bruker vi det ikkje då? Hadde eg blitt spurt og svart ærleg, som no:

“eg veit ikkje korleis det virker, derfor gjer eg det ikkje. Som pedagog/ansvarleg er det viktig at eg har full kontroll” – Denne påstanden ville vore ekstremt destruktivt innen grunder og innovasjonstankegong, det er sikkert.

Er det noko eg har lært gjennom reisa av å starte opp selskap, så er det er anerkjenne det eg ikkje kan, få hjelp til å gjere eller lære. Så bygger ein stein for stein. Men kan det hende ein for lenge har brukt argumentet “slik lærte dei før, slik kan dei lære no” så lenge, at steget for å anerkjenne kva ein ikkje kan og treng hjelp med, handler om at ein ikkje er i nærleiken av å sjå potensialet? Noko som vil gjere det enno meir vanskeleg å stille spørsmål, som kanskje kunne ført til læring?

tung setning, ein gong til:

Er avstanden blitt så stor at ein ikkje lenger ser kva som er mogleg?

Det er som eleven som har hatt 9,5 år med matematikk, uten å forstå. Så skal denne eleven gjennom ein test som alle andre, sjølv om vi alle veit utfallet. Hadde “hen” vore fanga opp i 3.-4. klasse ville det kanskje sett annerledes ut. Og slik er det. No må pedagoger få differensiert opplæring, akkurat som borna.

Elever får svært variert opplærng i bruk av digitale reiskap. Mykje skuldast sjølvsagt tilgong, men og kompetanse. Eller satsing. Tilgong vil alltid vere orsak, men det betyr ikkje at problemet forsvinner.

Vi skal ikkje ha ein skule med digitalt klasseskille, men vi har det. Det skal vere ei opplæring der ein lærer å bruke, beherske og utnytte digitale reiskap, får høve til å lukkes og oppdage høvene.

I større og større grad er til dømes eksamen lagt opp til at ein handsamer digitale reiskap, då må vi passe på at det er ein del av den naturlege opplæringa. Eksamen skal liksom vere den siste store testen…

Digital kompetanse

Før var det konkurransefortrinn, no er det naudsynt.

Derfor bør det vere ein naturleg del av opplæringa. 60% av dei som startar på skulen neste år, vil ende opp i yrker vi ikkje veit kva er (kjelde: NRK). Teknologi og bruk er ein like viktig del av av oss som demokrati, samfunnsliv og medborgarskap. Sist i dag las eg om ein statsoverhovud som vil fjerne sosiale medier fordi ein sjølv ikkje fekk bruke ytringsfridommen fritt. Då skal ingen få det? Det er slike hendingar som bør ringe kraftige bjeller, då vi ser at teknologien gir oss bruk til å ha si eiga stemme, ut i verda, identitet, utvikling og grunnlovsparagraf 100 er mykje mynta rundt det å beherske teknologi. Det er ikkje berre Minecraft og Fortnite.

Når born får ta del i teknologien som omgir samfunnet, vil dei bli betre rusta til framtida enn dei som ikkje gjer det. Sånn er det. Så kvifor halde tilbake?

digitale reiskap i oppvekst

-er ein reiskap til å lære i lag med, ikkje av!

Sitatet over er så viktig. Vi skal lære å ha dei rundt oss, for å fremje læring, forståing. Vi skal bruke digitale reiskap til å “lære å lære”. Livslang læring.

I Noreg har vi låge lenge fremst. No er vi sinke i Europa. 75% av norske 7. klassingar digitale reiskap mindre enn 4 timar i veka. Kva blir dei resterande timane ila veka brukt til? Mest truleg er mykje av tida brukt til “slik vi gjorde før”. Det held ikkje. “Før” er lenge siden i den digitale verda, og blir enno lenger sida raskare enn vi aner.

Noreg kjem med dårlegare resultat enn andre land i Europa når det gjelder korleis digital dugleik blir tileigna gjennom utdanning. 30% i barneskulen bruker datamaskin kvar dag, 50% eit par gonger i veka. 16% eit par gonger i mnd og 5% aldri. Kan vi akspetere det? (Kjelde: Nou2013:2).

Born sin digitale rettighet

Born har rett til å lære det. Det har vore aktivt siden Kunnskapsløfte (2006) og blir enno tydlegare i Fagfornyelsen (2020). Det vil bidra til at borna stiller meir likt etter same skulegong.

Det er nok vi pedagoger som må omstille oss først, for at dei vi jobber for skal kome vidare. Vi presse på og tørre. Vi må få opplæring, rammer som presser oss litt vidare, så ein kan starte med å greie å stille spørsmål som igjen kan fremje auka kompetanse. Der er framleis tid til å hente oss inn, men då må vi aktivt søkje det.

Eg tørr sei at vi må endre praksis for å kome vidare, og eg gler meg til Fagfornyinga. For då skal eg drive med så mange ting eg ikkje kan, men finne det ut på vegen i lag med elevar og kollega.

Om ein ikkje skal dette av no, trengs det aktiv handling. Vi kan ikkje leve med skille i oppvekstsektor. Teknologien forsvinner ikkje, den skal gjere det enklare og meir effektivt.

Kjeldeliste:

NOU2013:2: https://www.regjeringen.no/no/dokumenter/nou-2013-2/id711002/sec8

NRK: https://www.nrk.no/ytring/uhort-digitalt-klasseskille-1.13651390

Regjeringen: https://www.regjeringen.no/no/aktuelt/bekymret-for-digitalt-klasseskille/id2621106/)

Ssb: https://www.ssb.no/utdanning/statistikker/utdansatte

Posted on Leave a comment

Framtida sitt klasserom / undervisningsrom med tanke på fagfornyelsen

Det er lett å tenkje, drøyme og fantasere, og det synes eg vi har lov til i desse tider. Framtida sitt klasserom ligger klart, med duk og dekka bord. Det er lov å utforske og tenkje veldig nye tankar, ettersom Fagfornyinga er rundt hjørnet og den vil krevje at ein gjer nett det.

Etter å lese, deltatt på workshops, webinar, tenkt, diskutert.. Det meste, så er det nokon tankar som slår meg.

Nytt, nytt nytt….

Vekeplan

Elevar kjem på skulen på dag X, går inn og ut av undervisning. Norsk, matematikk, engelsk og KRLE. Det er bytte av lærar, der alle har ei meining om at innhaldet i sine tilmålte minutt er det viktigaste i heile verda. Læraren er mest truleg engasjert, har godt opplegg og ynskjer å fange elevane. Opplever elevane det? Dei går inn, er med, går ut, går inn, er med, går ut, går inn, er med går ut.

Det fungerer ikkje.. Ein får ikkje kreativitet, kollaborering, kommunikasjon og kritisk tenking, medborgarskap, demokrati, livsmestring, folkehelse, kompetansemål, tverrfagleg arbeid, overodna del, samhandling.. Eller fokus..

Ein får kaos.

Klasserom

I skissa over, så ser dei fleste klasserom like ut, med kreative innslag. Men i botnen ser dei ca. slik ut:

Inn ei dør, vask i nærleiken, fastmontert skjerm på vegg med kateter, som igjen definerer retningen i klasseromsbussen med elever i 2-3-4-5 eller 6 rader, ein pult forran seg og ein stol å sitte på. Mange har ein blomst, farger, konkretiseringsmateriale, laminerte plakater, gjennomtenkte løysingar.. Men gjer det eigentleg ein stor skilnad? Det er ein buss.. Med passasjerer.. I seks timer og haugevis av stopp på vegen.

Kvifor må eit klasserom sjå ut som eit klasserom?

Kva om ein tenkjer heilt nytt? Mest truleg har det med det ordet, “nytt”.. “Det er faalig det” som han sa i Flåklypa. Spesielt i henhold til tradisjon.

Timeplan / vekeplan i opent læringlandskap

Her er barnehagen best! La oss berre innrømme det først som sist. Som pedagog i skulen har eg alltid beundra barnehagen. Dei har variasjon, er ute, er inne, har tema, fokus, føl årstider, i båt, går på fuglelydjakt, leiter etter dyrespor, slakter, lager mat, går på oppdagingsferd, leiker, har rollespel… Lista er umogleg å fylle ut. Den er lang.

SAMTIDIG SOM DEI HAR OVERSIKT OG GJENNOMTENKT PLAN.

Ein plan er ei skisse, eit utgongspunkt, men i skulen blir den fort førande og definerande. Fagfornyelsen skriker “tenk nytt”.

Under er ein timeplan. Den kan fort sjå slik ut.

..og relasjonen mellom innhaldet, kan fort vere sliK

Tenk å vere elev i dette… Du kan ha så gode lærarar du vil, med det mest engasjerande innhaldet som finnes.. Men.. Hadde du taklet det som mottaker? Det vi skapet med slik relasjon i timeplan er: Passive mottakarar i staden for –>

Aktiv deltager

Tema, overordna del, tverrfaglighet og kjerneelement er nøkkelen. Kva om planen var slik? (ja eg veit, Noreg har fag og timefordeling, men det er lov å tenkje på denne måten seier UDIR). Ein må tørre å tenkje nytt.. Og planlegge. Og ha reiskap for fleksibel læring i form av inventar og teknologi. Legg rammene med tverrfagleg organisering, møblering, vekeplan og inkluder teknologi som som eit reiskap til å lære med, så kan vekeplanen fort bli slik. Ikkje raud tråd (likar ikkje den fargen), men grøn tråd. Kanskje planen ser slik ut i 2-3 veker? Det skapar (kanskje) det hengande ordet; Djupnelæring (kva enn det eigentleg er..).

Klasserommet for fleksibel læring

Noko eg har hatt stor glede av å lese meg opp på er “The Future classroom lab”. Det oppstod i Brussel rundt 2012. Her tenkjer ein kombinasjonen av kompetanse mot 21. århundre sine ferdigheter og læring, tilpassa ulike læringsmetoder med tanke på personleg, aktiv læring. Læringsrommet er designa for å treffe engasjement og interaksjon og saman med teknologi som støtter og treffer / aukar læringsutbytte.

Kjelde: http://www.eun.org/professional-development/future-classroom-lab

Slik kunne ein i teorien satt opp ein læringsarena. Eit område er delt opp til ulike mål med ulik tilnerming. Mange vil tenkje det er vel futuristisk, men sjølv har eg prøvd det i eit tradisjonelt (buss)klasserom. Det første eg gjorde var å snu klasserommet. Vi sat ein ny veg, med døra og klokka i ryggen. Tavla var bak oss, ein avslappingsstad, lesehjørne, samtalesone og arbeidsstasjon. Det såg ca. slik ut:

Her hadde vi det som kunne sjå ut som fullstendig kaos, men vi storkosa oss. Her var det rom for ulik læring og trong. Det einaste som var ei utfordring etter eiga erfaring var den fastmonterte skjermen. Hadde eg hatt høve til å flytte på den, så ville det fungert enno betre.

Elevar er flotte. Dei tilpassar seg, men setter stor pris på mulighet til variasjon. Det er alt dei ber om.

Vil framtida sitt arbeid krevje at vi sit på rekke og rad i eit landskap og er passive? Eller at vi flyt rundt i omgjevnadar og jobber kreativt, saman med nytenking?

Så mitt ynskje er, tenk nytt. Over heile fjøla. For Fagfornyelsen ber oss om det. Men vi må tørre å ta den muligheten.

Posted on Leave a comment

Kompetanseheving trengs for å bruke teknologi i klasserommet / læringsrommet

Eg har blitt utfordra på å skrive ned nokon tankar angåande bruk av teknologi i klasserommet. Det er mange kjepphestar å ta tak i, fordommar, usikkerhet og uromoment. Og det er ein bra ting!

Sjå føre deg at du er rektor, du skal overbringe beskjeden: “Frå neste skuleår skal vi ha 1:1 iPad”.

Kva skjer trur du? Reaksjonane vil ikkje la vente på seg, nokon er gira. Nokon er villige. Nokon nektar.

Veldig, veldig enkelt ser det ca. slik ut hos dei fleste organisasjoner, spesielt i kommunal sektor som oppvekst. Nokon hoppar uti, tenkjer seg ikkje om. Dit skal eg, raskt! Nokon står på land og tenkjer, “hmm, kan hende dette er farleg. Er det ein hai foresten, eg blir med om andre overlever!” -og nokon klamrar seg fast til det første og beste som kan skape tryggleik, og har tenkt å bli der til det er over, for det pleier å gå over.

Alle er viktige! Kunsten er å få alle til å ynskje det same, og få tid til å tenkje. Så lenge det ikkje går over.

Korleis går du fram for å forstå kor samansett dette er?

Ein modell som kan vere god å starte med er Tpack modellen. Den er bygd opp av tre typar kunnskap som alle til saman viser pedagogens samansette kompetanse.
• (CK) er fagkunnskapen (Dei som klamrar seg fast)
• (PK) er den pedagogiske
kunnskapen (Dei som står)
• (TK) er den teknologiske
kunnskapen (Dei som sym)

Tpack modellen

Argh.. Enno ein modell? Ja..

(PCK) – pedagogisk fagkunnskap
(TCK) – teknologisk fagkunnskap
(TPK) – teknologisk pedagogikk kunnskap

Innerst finner vi punktet der alle desse tre kyrssar kvarandre. Og det er dit vi skal. For her finn vi kompetansen til alle i illustrasjonen over. Den som sym, den som står, den som nektar. Alle sin kompetanse tel, og er deretter viktig vidare! Alle spelar ei rolle. Greier du å kople alle saman om felles mål, der alle forstår at erfaringa til alle er viktig?

Når ein skal ta i bruk teknologi som er ny, er ofte målet å oppnå meir og / eller betre læring, -så må ein vite at dette utfordrar det som finnes frå før. Den eksisterande pedagogikken. Den vil konkurrere mot den innovative pedagogikken. Og dette er ikkje berre berre. Det tar tid…

Som pedagog skal vi vere dirigenten, ikkje komponisten. Men det er mange komponistar der ute. Enn kor fristande det er å skulle komponere heile læringsløpet, så er det langt frå målet. Enno mindre er det i fagfornyinga. Ved å legge meir om til digital læring, vil vi overlate komponeringa til den som skal lære, der vår viktigaste jobb er å vite korleis instrumenta fungerer og korleis vi dirigerer. Krumsvik (2014) seier det godt.

“Det kreves en utvidet forståelse av hva klasseledelse er i den digitale skolehverdagen, og en revitalisering av lærerens didaktikk”.

Skulle eg prøve å konkludere litt, så er ein avhengig av god gamaldags pedagogikk, for å lukkes med ny pedagogikk. Den som står og klamrer seg fast, er den beste på dette.

Kva ynskjer ein å oppnå med dei nye reiskapa?

Korleis skal ein oppnå det?

Kva er tidsplanen for det?

Klasseleiing vil stå fremst i det deigitale klasserommet, akkurat som det analoge klasserommet. Uten klasseleiing, synker utbytte av all undervisning. Positivt læringsmiljø og ro, samt pedagogens evne til å stimulere og motivere veit vi er sentrale faktorar. Men, korleis skal pedagogen meistre det, når reiskapa er ukjente? Det er som å leie skulemusikken, uten å kunne noter. Når pedagogen er usikker vil han bruke erfaringa si, erfaringa er frå i fjor, gå til plan B.

Kompetanseheving! Det er kun kompetanseheving som kan få pedagogen som klamrer seg fast, som eg så mange gonger må sei er viktig, at organisasjonen skjønner ein må legge til rette for at alle kan. Kompetanseheving vil gjere til at du får ut gullet frå dei som er skeptiske. Vi må respektere at det er pedagogen som får alt til å henge saman og er den viktigaste rolla i transformasjonen, pedagogen skal dirigere og legge til rette for at ein symfoni kan oppstå. Ein skal utvikle bruken av reiskap, det digitale er eit reiskap å lære av, ikkje med. Når vi er einige om det, er vi kome langt.

Når ein lærer at det digitale, enten det er iPad eller noko anna, kan gi større differensiering og støtte undervegs, er det ingen som trur det før ein ser det i praksis. Derfor må det felles kompetansehving til.

Det er tryggare å symje i lag enn å sjå nokon dumdristig hoppar ut i det.



Posted on Leave a comment

Kva skal skje i norsk skule no?

Fleire månadar har no segla forbi, eller rast? Nye måtar å tenkje på, ingen eksamen, digitalt veksande pedagogar og kollektivt ansvar for eleven si framtida. Vil vi setje spor i sein snø på våren eller kjem sola og visker det vekk før neste skuleår kjem?

Mange trur dette vil forandre korleis norsk skule er, for alltid. Det burde det. Eg vel faktisk å ta standpunkt tidleg, det burde! Alt nytt og altomfattande setter djupe spor, ofte, dessverre, berre for ei stund. Det er naivt å tru at ein berre skal sitte stille og vente på normalen. Normalen fører ikkje til utvikling, den fører til det same, som i går. Det funker kun om normalen er optimal. Kanskje skal vi prøve å unngå normalen innimellom, og tenkje det unormale? Endre praksis i grunn?

Chris Argyris og Donald Schön sine teoriar om enkelt og dobbelkretslæring kan høyres ut som noko som høyrer til under elektropensumet. Modellen seier at om ein organisasjon lærer og utviklar seg, så kan det skje med ulik intensitet. Logisk nok. Intensiteten derimot, kjem an på kva spørsmål ein stiller…

Enkelkretslæring er normalen, som nemnt over. Vi er gode på det. Eit problem er oppdaga, justere praksis for å skape forandring. Virker enkelt nok, men dette er kompliserte tankar om ein graver litt, så eg skal bryte det ned.

Du skal koke vatn, men vatnet kokar ikkje. Du ynskjer at vatnet skal koke. Du oppnår ikkje det resultatet du ynskjer, så justerer du framgongsmetode. Du skrur opp varmen. Det fungerte, du legg til ein ny metodikk ved å skru varmen høgt nok for å nå ynskja resultat i framtid dersom vatnet koker betre etter du fann det ut. Du vil fortsette med denne praksisen i framtida og endra praksis for å oppnå ynskja resultat. Det er normalen for læring. Høgare varme, raskare koking.

Dobbelkretslæring, det er noko heilt anna. Her stiller du deg kritisk eller spørjande til etablert praksis. Må vatnet koke? Må det vere varme? Kvifor gjer eg det på denne måten eller med dette utstyret? Vidare gjer du noko med dei grunnleggande føresetnadane og verdiane, lat oss sei at du investerer i induksjonskomfyr. Det grunnleggande spørsmålet du har stilt her, må det vere varmare for å koke raskare? I praksis er det slik at dobbelkretslæring oftare inntreffer når enkeltkretslæring gjev utilfredstillande resultat, kanskje du brant deg på raudglødande kjele?

Dette gjev oss eit problem i vår daglege praksis.

I skulen er vi ofte nøgd når vi har løyst problemet (les: enkelkretslæring), slik unngår vi transformasjonen (les: dobbelkretslæring).

Kilde: vipconsulting.no

La oss gå ut av kjøkkenet og inn i bilbransjen. Det er uklart om det stemmer, men Henry Ford skal ha blitt sitert på følgjande (her omsett til nynorsk) – “Om eg hadde spurt folk kva dei vil ha, ville dei svart ein raskare hest”. Eit glimrande eksempel på å sjå noko frå ein anna side, kvifor må ein transportere seg på ein hest? Her stiller Henry Ford spørsmål med etablert praksis. Resten av historia veit vi. Det er dobbelkretslæring.

Vidare inn i skulen då? Om ungane skal lære for framtida, skal vi berre pumpe inn office365, TEAMS, iPad, programvare, book creator, Showbie, Creaza, Salaby, Lesemeister, One Note, samskriving, videomøter og appar, så er vi rusta for framtida? Enkelkretslæring.

Vi skal ikke berre koke vatnet eller ri raskare på skulen, eller hive i gong bruk av digitale undervisningsreiskap fordi vi såg det fungerte bra dei siste månadane. Då vil vi drive enkelkretslæring og eigentleg kun røre oss minimalt fram. “(…) ein raskare hest“.

For å vere tydeleg, eg er stolt over norske pedagogar, som over natta vart fantastiske digitalpedagogar og verkeleg fekk vise kva kompetanse og tilpansningsdyktghet vi har. Vi burde vere stolte av kollegaen vår alle saman. Men John Dewey er inne på noko essensielt:

«If we teach today as we taught yesterday, we rob our children of tomorrow.» – John Dewey

Det store spørsmålet vi skal tygge oss inn i avslutninga av skuleåret 2019-2020 burde vere, kvar kan vi drive dobbelkretslæring? Kva har den siste tida utfordra oss på? Den framstormande digitale satsinga, 140 millionar i satsing frå stat vil ikkje sette spor, anna enn i snøen på våren! For å kome dit, at vi set spor når sola kjem, må vi først stille spørsmål med etablert praksis, som tilsynelatande fungerer, framfor å løyse eksisterande problem.

For at vi skal kome vidare no må vi utfordre etablert praksis. Det handler om korleis, kvifor og kva.

The golden circle

Kva er det riktige spørsmålet vi må stille?

Posted on Leave a comment

Bruke TEAMS til epost

Eg elskar TEAMS! Det er perfekt for meg som lærar. Spesielt no når koronatida kom, så var det enkelt å legge om, eigentleg gjere det same, foruten den fysiske kontakten.

Elevane kom raskt i gong, dei jobba, eg var med, rettleiia dei. Mange har faktisk sagt dei følte dei fekk betre oppfølging på arbeid når eg sat heime, enn i timane. Men sjølvsagt, bakdelen er der, det fysiske. Då var det viktig å ta kontakt ofte.

Men, det er elevnivået. På eit administrerande nivå har det mange fordelar og. Eg er av generasjonen som har eit litt anna forhold til ein e-post, eller generelt kommunikasjon. Eg vaks opp då kommunikasjonsflyten var mykje kortare, raskare responderande og mindre formell. Ein e-post er formell, det har eg lært meg, men innimellom så ville det vore praktisk å bruke ein e-post til respons og drøfting. Då er ein i gong med “send til alle”, “svar til alle” – det blir alltid dårleg stemning av.

Heldigvis har TEAMS lagt opp til at ein kan bruke e-post gjennom TEAMS. Erfaringa mi tilseier at det er med å av-formaliserer responsen litt. Så når eg har ein mail, det kan vere Den kulturelle skulesekken, eller andre aktivitetar, Hopp for Hjartet osv. så treng eg gjerne ein rask respons, eller liten diskusjon. Då hiver eg e-posten i TEAMS, så kan dei som involverer seg bruke “svar” knappen og vi kan ha ein intern samtale ang. innhaldet.

Videoen under viser korleis du kan “sende” ein e-post til ein spesifikk kanal, eller team for ein meir uformell respons.

Posted on Leave a comment

Digitalt mysterium – One Note

One Note

One Note var blant dei første programvarene eg verkeleg forelska meg i ei god stund tilbake. På mange måtar var det der mitt digitale klasserom starta. No er det haugevis med reiskap, men One Note er framleis genialt.

Orsaken til One Note fungerer så godt, er at i mitt hovud at Microsoft har faktisk laga eit program, der dei ikkje har definert kva det skal brukast til. På mange måtar er One Note det mest ustrukturerte, udefinerte programvaren som finnes, og det er laga slik med vilje. Microsoft tok rett og slett alt dei kunne tenkje seg av funksjonar, som dei hadde i andre programvarer, smekka det i hop i ein programvare og sa “versegod”, bruk det slik du ynskjer. Vi veit ikkje kva det skal brukast til

Slik er god undervisning og. Vi legg til rette, gir reiskapa og burde sei “versegod, produser kunnskap”. Det er hovudorsaken til at eg framleis nyttar One Note i undervisninga, fordi eg kan sei at “no skal vi jobbe med” og “bruk One Note” – så er det opp til elevane korleis dei vil bruke havet av reiskap.

Under viser eg eit genialt triks, der du kan lage ulike rom i One Note, som er passordbeskytta. Vidare må elevane løyse ei oppgåve for kvart rom, med dei hinta dei får, så bruke informasjonen til å opne opp neste rom. Ofte har eg brukt dette til repetisjon, så krydrer eg det med ei spennande historie. Elevane digger det. Tar riktignok litt tid i starten, men det er verdt det.

Posted on Leave a comment

Millionar til å styrke fjernundervisning

Det blir varsla at der er 140 millionar, sett av til å styrke skulen i tida som kjem, spesielt retta mot digital satsing. I ein sektor som alltid må snu på ørene, er det viktig å no byrje å tenkje framover, basert på erfaringa.

Vi held på, her og no, uten å vite kva som kjem. Like uventa som Korona kom, i same uvissa, går vi no inn i ein meir normalisert kvardag, vel vitande om at ting kan skje fort. Det har vi erfart.

Eg tørr påstå at mange skular har gått 3-5 år fram i tid, der plutseleg ein måtte legge vekk plan A, og satse på plan B. Forhåpentlegvis, så fungerte plan B ganske godt, og kanskje den skal arbeidast med og bli den einaste planen. Plan A kan fungere i krise, og ved normal kvardag.

Då er det sikkert, skulen må ha eit mangfald av digitale læringsreiskap, uansett fag. Så må det satsast systematisk og pedagogisk, med same kompetanse til alle, slik at ein unngår at nokon kjem greitt frå det, men andre lid.

Grundig opplæring, kompetanse og utstyr så taklar vi alt. Vi er tross alt pedagogar, ingen dagar er like, men nokon er langt frå gårsdagen.

Kjelde:

https://www.dn.no/utdannelse/koronaviruset/guri-melby/skolene-far-mange-millioner-til-a-styrke-hjemmeundervisningen/2-1-804271