Tilbyr over 12.000 varer innen IT og kontor. Det er kun utvalde produkt som er i nettbutikken, men totalt kan vi ordne ca. 12 500 ulike varer innen IT, skjerm og kontorløysingar. Ta kontakt om det er noko du treng, så skal eg få lagt det til. Leverer til bedrift og privatperson.

Prisane er rettleiiande og kan endre seg om distributør endrar sine prisar. Trykk under for utbvalde, eller brukte varer. 

Servicetilbod frå Endre Praksis AS

Rådgjevnad?:

I eit svært konkurrerande marknad vil vi ikkje alltid kunne tilby best pris, men føler oss trygg på at du skal få svært god oppfølging. I Endre Praksis AS er det korte ledd mellom innehaver og kunde. Eg hjelper deg gjerne med råd før du skal handle. Ta kontakt på e-post og skriv kva du treng, eller kva du ynskjer å løyse, så undersøkjer eg for deg og kjem med forslag. Varer vi vel å ha i nettbutikk, er varer Endre Praksis AS føler seg trygg på å kunne overføre kunnskap om. Får vi avdekka kva trong du eigentleg har, kan det hende det finnes andre varer som er rimlegare til ditt bruk.

Sette opp?:

Om du er i, eller nærleiken av Solund, kjem eg gjerne på besøk og hjelper deg å sette opp, eller vi kan ta det over nett. Til dømes om du ynskjer hjelp til å sette opp robotstøvsugaren, laste ned appen og konfigurere den. Kanskje kople opp heimekontoret? Eller hjelp til montering av den nye kontordesken?

Opplæring i bruk?:

Produkt du finn på sida er produkt vi kan i Endre Praksis AS. Kan tilby grunnleggande opplæring i bruk, tips og triks, for å få enno meir utbytte av produktet du vel å å investere i. Kanskje skal telefonen til bornet ha foreldrekontroll?

Omsette gamal vare?:

Kanskje du skal slette den gamle iPad`n, og ynskjer å få alt overført på den nye og klargjere den gamle til sal eller trygg overdraging for å nemne noko? Eller ynskjer du å omsette den gamle varen din, legge ut på Finn.no? Det kan eg bidra med. Berre spør, så finn vi ut av det.

Kva er grøne varer?

Frå 2023 tilbyr Endre Praksis AS brukt elektronikk med 2 års garanti. Varer kjem i ulike kategoriar. Ta kontakt om du ynskjer å sjekke kva kategori ynskja produkt er i. Prisar varierer etter tidlegare bruk. Kategoriane er:

Basic:
Fungerer som det skal. Nyare maskinen vil vere godt brukt, men fint brukte maskiner vil gjerne litt eldre enn i produkt i kategorien Pro. Med produkt som inneheld er batteri testa til å ha minst 85% kapasitet. Tilrår Basic om du ikkje har trong for det nyaste, men er opptatt av funksjon pr. krone.

Pro:

Kvalitet kombinert med utsjånad som ikkje er prega av stor slitasje. Perfekte maskiner som er nokon år kan vere i denne kategorien. Er det feil ved maskiner i denne kategorien blir det byta ut med same eller tilsvarande varer. For elektronikk med batteri er kapasitet minimum 90%.

Gaming:

Stasjonære eller bærbare maskiner som er satt opp til å fungere med dei mest populære spela. Maskinene er testa opp mot spel som Minecraft, Fortnite, League of Legends, Overwatch, Roblox og WOW.  Er ein fin inngongsnøkkel til gaming.

Om du bur i Solund og ynskjer at eg skal levere varen for deg på døra,

Endre Natvik – CEO i Endre Praksis AS