Nettbutikk

Kort om produkt frå Endre Praksis AS

Om prisar og varer:

Frakt og MVA er inkludert i pris, alltid. Det er kun utvalde produkt som er i nettbutikken, men totalt kan vi ordne ca. 12 500 ulike varer innen IT, skjerm og kontorløysingar. Ta kontakt om det er noko du treng, så skal eg få lagt det til. Du får tilsendt e-post med varebestilling og kvittering, der MVA står oppført for bedrift. Nokon varer er utelukkande til bedrift, dei finn ein ikkje under nettbutikken, men under “bedrift”. 

Servicetilbod

Rådgjevnad?:

I eit svært konkurrerande marknad vil vi ikkje alltid kunne tilby best pris, men føler oss trygg på at du skal få svært god oppfølging. I Endre Praksis AS er det korte ledd mellom innehaver og kunde. Eg hjelper deg gjerne med råd før du skal handle. Ta kontakt på e-post og skriv kva du treng, eller kva du ynskjer å løyse, så undersøkjer eg for deg og kjem med forslag. Varer vi vel å ha i nettbutikk, er varer Endre Praksis AS føler seg trygg på å kunne overføre kunnskap om. Får vi avdekka kva trong du eigentleg har, kan det hende det finnes andre varer som er rimlegare til ditt bruk.

Sette opp?:

Om du er i, eller nærleiken av Solund, kjem eg gjerne på besøk og hjelper deg å sette opp, eller vi kan ta det over nett. Til dømes om du ynskjer hjelp til å sette opp robotstøvsugaren, laste ned appen og konfigurere den. Kanskje kople opp heimekontoret? Eller hjelp til montering av den nye kontordesken? 

Opplæring i bruk?:

Produkt du finn på sida er produkt vi kan i Endre Praksis AS. Kan tilby grunnleggande opplæring i bruk, tips og triks, for å få enno meir utbytte av produktet du vel å å investere i. Kanskje skal telefonen til bornet ha foreldrekontroll? 

Omsette gamal vare?:

Kanskje du skal slette den gamle iPad`n, og ynskjer å få alt overført på den nye og klargjere den gamle til sal eller trygg overdraging for å nemne noko? Eller ynskjer du å omsette den gamle varen din, legge ut på Finn.no? Det kan eg bidra med. Berre spør, så finn vi ut av det.

Hente varen og levere på døra?:

Om du bur i Solund og ynskjer at eg skal levere varen for deg på døra, skriv du det under “Additional Information” på utsjekksida som bilete under viser. Då legg eg mi adresse inn i bestillinga, henter varen og kjem på døra med den når den kjem til Solund.