Kurs

Endre Praksis tilbyr

 
– Kurs 
– Lær å lære med OneNote, retta mot lesevanskar
– Foreldrekontroll på bornet sin digitale dings.
– Lær å bruke OneNote til å lage Escape Rooms/Utbrytarrom
 
Alle kurs kan arrangeres som nettkurs om ynskjeleg. Dette dreg prisen godt ned.

One Note klassenotatbok

Har brukt One Note klassenotatbok med elevar i mange år. Over ligg heile videoen om korleis du kan kome i gong, gratis.

Lær å lære med One Note

Digitalt foredrag retta mot elevar/studentar om korleis ein kan bruke One Note som studiereiskap. Har vore gjennomført for mellom anna Oslo Dysleksi. Kurset inneheld smarte løysingar studentar kan bruke for å få One Note til å bli eit fantastisk Go To studiereiskap.

Lag utbrytarrom/Escape Room i OneNote

Lær korleis du kan lage utbrytarrom/Escape room som skaper engasjement, underhaldning og undring, samt litt spelbasert læring, du du kan utfordre elevar i pensum. Har brukt det mykje sjølv og elevane digger det! 

Hjelp, bornet mitt har ein digital dings!

Digitalt foredrag som er mynta på føresette som ynskjer å ta tilbake kontrollen over poden sin digitale dings. Har vore gjennomført for Barnevakten.no og for FAU. Kurset er delt i 3 deler, kan få alle, eller enkeltkurs. Tema er iPhone, Android og Mac/PC. Kurset går gjennom steg for steg korleis du kan opprette skjermtid, styring av kjøp og full kontroll over bornets digitale dings. 

Finner du ikkje kurs som er relevant?

ask blackboard chalk board chalkboard

Dei fleste kurs har blitt til etter ynskje frå kunde. Deretter har eg laga det og testa til kostpris til bestillar. Har du ein idè til kurs i bruk av digitale reiskap som du ynskjer, ta kontakt så ser vi kva vi får til.