Jobb

Vere kreative i lag?

Endre Praksis AS leiter etter pedagogar som vil vere med å hjelpe andre pedagogar å endre praksis. Om du kjenner deg igjen i noko nedanfor, ta kontakt.

Du er:

opptatt at born får undre seg

du er opptatt av endring og utvikling

du likar å vere kreativ å utforskande

du har ein liten innovasjonsånd eller grùnder i magen

Endre Praksis AS treng

Lage escape room / utbrytarrom i One Note
Har du fleire rom sjølv som er ferdig, eller ynskjer å lage rom som andre kan bruke? Endre Praksis AS har nettbutikk oppe, med VIPPS og system for distribusjon av One note. Når ditt rom sel, tener du på det. Målet er å lage ein nettbutikk med escape room / utbrytarrom som dekker alle fag, tema for alle trinn. På sikt er målet å lage teneste som skular kan abonnere på. Vil du vere med?

Sjå utlysing her

Sal av digitale reiskap til skular og barnehagar
Endre Praksis AS har avtale med Ednology og AV-partner og er leverandør av STEM læringsutstyr og touch-skjermar. Alt frå VR-briller til digitale tavler, programmering og Microbit. Om du ynskjer å vere med avtaler vi betalingsvilkår.