Posted on Leave a comment

65% avslag på omvendt undervisning med e-kurs og oppfølgingswebinar

Omvendt undervisning er genialt i klasserommet. Omvendt undervisning er blanda læring der mottakar ser innhaldet gjennom video og bruker tida etterpå saman med rettleiiar for å praktisere innhaldet og auke læringsutbyttet.

Det krevjar ein del tid i forarbeid, men det ein sit igjen med er langt meir effektivt enn tradisjonell opplæring. Ein får aktivere kunnskap først, i sitt tempo når det passer og korrigert det ein ikkje forstod etterpå.

Etter å reist rundt og gjennomført utallige oppdrag på skular og arrangert webinar over nett er tilbakemeldingane stort sett dei same.

“Det er så mykje informasjon på ein gong, får håpe eg hugsar det viktigaste og at andre hugsar det eg ikkje greide“.
Alt for ofte ender vi opp med noko slikt når vi får opplæring…

Dette reiser nokre viktig spørsmål innanfor “gain vs costs”. Kvifor betale dyre dommer for reise, oppdrag, overnatting når fleirtalet sit igjen med minimalt?

Så kom Korona/Covid-19 og fleire, inkludert her, gjekk over til webinar. Det vart enklare å gjennomføre, kaffikoppen aldri langt unna, kostnaden og tida det tok gjekk ned, men å levere kvalitet vart enno meir krevjande. Og det er lett å forstå, vi mister det menneskelege aspektet, støtten og tryggleiken.

Å halde opplæringswebinar er som å stå på ei fullsatt scene, med bind for augene og ryggen til publikum med propper i øyrene samtidig som ein prøver å treffe skiva i det minste…

Sitat frå meg sjølv:
ca. slik føler eg meg på webinar uten førebudd publikum

Her i Endre Praksis elskar vi å gjere nett det, å endre praksis. Derfor starta vi med “omvendt undervisning” når vi gjennomførte webinar.

På kursportalen til Endre Praksis, https://pedagogiskekurs.teachable.com/, legg vi ut kurs på enkeltemne, med eigne kategoriar og konkret innhald. Til dømes er det 31 videoar, omkring 2 timar med innhald, fordelt på 2-6 minutters videoar som tar føre seg kvar sin del av TEAMS og OneNote. Oppskrifta er enkel:

TEAMS og OneNote går som hand i hanske
  1. Alle tilsette får tilgong til videoane
  2. Dei tilsette ser videoane når det passer, kan stoppe, spole, teste i sitt tempo
  3. Etter avtalt tid, gjerne 3 veker etter, arrangerer vi eit oppfølgingswebinar der vi til dømes kan snakke om:
    1. kva kan ein bruke funksjonane til?
    2. Erfaringsdeling?
    3. Noko ein ikkje fekk til?
    4. Tips og triks?
    5. Eller alt saman.

Når alle har vore gjennom, har alle knaggar, FØR opplæringa startar. Erfaringa er at langt fleire sit igjen med ny kunnskap som faktisk skapar ei endring, og oppfølginga er prega av gode samtaler og erfaringsdeling. Tilsette er førebudd og veit kva dei vil lære meir om.

Endre Praksis har førebels eit kurs ute som går på OneNote og TEAMS. Dette er ferdig, testa og kvalitetssikra. Ut september er det 65% avslag i tillegg. Fleire tema vil kome i løpet av hausten.

Som ein liten bonus, alle som legg igjen e-post for å motta tips, triks og gode tilbod på www.endrepraksis.no ut september vil få tilgong på e-kurset “10 tips i Chrome som du kjem til å gjere kvar dag” som du finn ved å trykke HER. Du vil motta ein e-post med gratis tilgong i løpet av september om du abonnerer på nyheitsbrev frå Endre Praksis.

Eit lite spørsmål:

Kva ville du hatt opplæring i gjennom omvendt undervisning?

Skriv gjerne til meg på post@endrepraksis.no eller som kommentar i innlegget.
Posted on Leave a comment

One Note klassenotatbok med elevar

Class notebook

One Note har på mange måtar revolusjonert korleis eg jobber med elevar.

Litt bakgrunn om One Note

Her var Microsoft geniale. Dei hadde programvarer for dei fleste typar arbeid, teknologien tilgjengeleg for tekstbehandling, talbehandling, bilete, kommunikasjon, det meste. Litt i det skjulte sat dei og jobba med det som vart One Note. Tanken var ekstremt enkel.

Kva skulle ein med One Note?

La oss ta alle funksjonane vi har i andre pogram, hive dei inn i eit og same program. Vi aner ikkje kva One Note skal bli brukt til !

Det er genialt. One Note kan brukast til det du måtte tenkje, det er opp til brukaren og finne den beste bruken for seg sjølv. Perosnleg brukar eg One Note til handleliste, lærarplanlegger, dagbok, undervisning, lagringsstad for artiklar.. You name it.

Bakdelen med One Note?

Det er så utruleg mange funksjonar, og det er summen av funksjonane og bruken av dei som gir effekt. For mange blir det for komplisert å kome i gong og over dørstokkmila.

Det er eingong slik at ein må forstå litt, for å bruke, for å lære meir. Med One Note erfarer eg at det er krevjande for mange å kome skikkeleg i gong med det. Personleg veit eg at One Note kan nærast løyse alle ting eg kan kome på, enten eg skal sette inn ein avansert formell, rekne, distribuere, vise video, hyperlenkje, samskrive, ha vekeplanar, legge inn artikkel som eg vidare kan annotere på med penn.. Alt eg treng eigentleg.

One Note
One Note i skolen.

Så på toppen kom:

One Note klassenotabok / Class NoteBook

Her kom enno fleire høver, som der du får tilgong til elevar, delta i arbeidsprosessen, distribuere materiale, legge inn video, filer.. Du kan rett og slett organisere heile faget ditt, heile året, og vere delaktig i arbeidsprosessen eleven har. For meg har One Note blitt det viktigaste reiskapet eg har for prosessorientert læring.

I videoen under viser eg i løpet av 16 minutt dei absolutt viktigaste funksjonane du må kjenne til for å organisere inndelingar med innhald, distribuere inndelingar og sider for å kunne oppnå ein herleg arbeidsflyt i ditt læringsrom.

Class Notebook / One Note klassenotatbok med elevar

Om du ynskjer å få diverse tips og triks på e-post, besøk gjerne www.endrepraksis.no (eller trykk på “heim” heilt øvst her), bla deg nedst på sida og legg igjen e-posten din.

Posted on Leave a comment

Digitalt mysterium – One Note

One Note

One Note var blant dei første programvarene eg verkeleg forelska meg i ei god stund tilbake. På mange måtar var det der mitt digitale klasserom starta. No er det haugevis med reiskap, men One Note er framleis genialt.

Orsaken til One Note fungerer så godt, er at i mitt hovud at Microsoft har faktisk laga eit program, der dei ikkje har definert kva det skal brukast til. På mange måtar er One Note det mest ustrukturerte, udefinerte programvaren som finnes, og det er laga slik med vilje. Microsoft tok rett og slett alt dei kunne tenkje seg av funksjonar, som dei hadde i andre programvarer, smekka det i hop i ein programvare og sa “versegod”, bruk det slik du ynskjer. Vi veit ikkje kva det skal brukast til

Slik er god undervisning og. Vi legg til rette, gir reiskapa og burde sei “versegod, produser kunnskap”. Det er hovudorsaken til at eg framleis nyttar One Note i undervisninga, fordi eg kan sei at “no skal vi jobbe med” og “bruk One Note” – så er det opp til elevane korleis dei vil bruke havet av reiskap.

Under viser eg eit genialt triks, der du kan lage ulike rom i One Note, som er passordbeskytta. Vidare må elevane løyse ei oppgåve for kvart rom, med dei hinta dei får, så bruke informasjonen til å opne opp neste rom. Ofte har eg brukt dette til repetisjon, så krydrer eg det med ei spennande historie. Elevane digger det. Tar riktignok litt tid i starten, men det er verdt det.