Posted on 1 Comment

Omvendt undervisning for effektiv læring i skolen

Omvendt undervisning, eller Flipped Classroom er ein eigen metode. Målet er å gjere fagstoffet tilgjengeleg når det passer den som skal lære. Det er ikkje alltid i klasserommet ein er mest mottakeleg.

Vanleg reiskap er video. Men det er mogleg å opne opp meir ved å bruke spel, eller kva med ein podcast? Under ligg ei lenkje med ressursar som er gode frå StatPed. Der ligg god starthjelp for å kome i gong som biletet viser.

https://www.statped.no/laringsressurs/teknologitema/omvendt-undervisning/

Viktig for å lukkast med omvendt undervisning er at dei som skal lære, faktisk er motiverte og ynskjer å bruke tid utanfor klasserommet. Det er ofte vanskeleg, fordi vi har innarbeida ein tankegong om at “på skulen lærer vi, heime har vi fri”. Nettopp derfor er omvendt undervisning viktig. Vi må få snudd tanken om at vi “berre lærer på skulen”. Vi lærer heile tida, og i dagens tekniske samfunn, kan vi lære det meste kvar som helst.

Det er viktig å bruke ulike reiskap. Akkurat som på skulen, for å skape variasjon. Målet er: still førebudd til økta, der du skal lære å bruke kunnskapen. Slik skaper vi ein meir aktiv læring på skulen.

Mange synes det er krevjande å lage video. Spesielt noko som skal engasjere og skape ein viss indre motivasjon. Dette har ført til at det er mest brukt frå VGS og oppover. Eg er ueinig, Korona kom og brukte omvendt undervisning ned i 3. klasse.

Eit eksempel på omvendt undervisningsopplegg om “bærekraft” finn du her:

https://www.statped.no/laringsressurs/teknologitema/omvendt-undervisning/eksempel-pa-undervisningsopplegg/

Det er ikkje kvar dag eg har spelt skodespel med meg sjølv, vore Wergeland og Welhaven, som disputerer med kvarandre tross alt. Men gosj så moro det var.

Eg nemnde video som metode. Det virker som det einaste reiskapet. Om ein tenkjer litt annerledes på det, som kva målet er, ynskjer vi å at ein er førebudd til neste økt. Omvendt undervisning kan like gjerne vere å gå ein tur og oppdage vårteikn. Så kan ein jobbe med å identifisere vårteikn seinare.

Fordelen med omvendt undervisning er klar:

Lettare å differensiere og elevane får ein induktiv og sosiokulturell læring. Ekstra positivt er det å kunne sette pedagogen på pause, spole, høyre det gjentatt. Stoff du har laga kan gjenbrukast seinare.

Er det ulemper?

Som med alt.. Det tar tid å lage godt innhald. Spesielt i starten. Mange er redde for det tekniske.

Har du erfaring med omvendt undervisning? Del gjerne i kommentarfeltet. Hugs å gå til www.endrepraksis.no, skroll litt ned og legg igjen e-post for å motta tips, triks i det moderne klasserommet om du ikkje har gjort det frå før.

Posted on Leave a comment

Teknologi i klasserom

Det handler om å vere smart. Smart i korleis ein starter, smart i korleis ein bruker og smart ein evaluerer. Er ein det, kan ein oppnå meiningsfull bruk i klasserommet.

Respons har over ein periode via mykje tid til å undersøkje nett det. Eit prosjekt mellom Lesesenteret og ein kommune fulgte og studerte ein kva som skjer når der er 1:1 løysing med bærbar eining på pr. elev i perioden 2014-2017. Mykje av inspirasjonen til teksten kjem frå denne undersøkinga og er henvist til og kjelda nedst så du kan lese om du ynskjer.

Vil styrking av tilgong på digital ressurs bidra til å fornye undervisningspraksis?

Deltaking og deling er pedagogiske kjerneverdiar som lett lar seg overføre med bruk av digitale reiskap. Men det må gjerast smart, og med ein plan. Eg har liten tru på at setninga “her er ein digital dings, no blir alt bra” nokon sinne kjem til å bli bra. Nei, ein må vere kloke. Ein må gjere heimearbeidet sitt. Og praktisere det vi seier til ungane, “om du jobber med dette, så løsner det” – kanskje vi skal følge eigne råd?

Dei fleste arena setter sin lit til teknologien, men klasserommet er moglegeins framleis kanskje unntaket? Det blir trekt fram to omgrep, “teknologioptimisten” og “teknologipessimisten”. Den spenner seg frå “teknologi er løysinga på dei fleste utfordringane” til “teknologi vil gå på bekostning av den tradisjonelle undervisninga” (Rongved, 2018).

Er vi framleis i ein enten-eller verd? Så klart vil der vere endring i prakis, så klart må ein endre praksis, når reiskapa forandrar seg. Ta snekkeren som fekk spikerpistol, han står ikkje å dundrer med skaftet på spikeren for å få den i veggen? Det skulle tatt seg ut.

Introduksjonen – utrullinga

Her ligg mykje av nøkkelen til suksess eller ikkje. All endring vil stort sett vere ledsaga av kaos. Kaoset oppstår av usikkerhet og nysjerrighet. Det er heilt naturleg. Når borna skal sykle for første gong, så er der kaos. Kaos fordi ein er redd for at det kjære vi har skal skade seg, kaos fordi kompetansen til den som utfører er låg og fordi vi ikkje veit konsekvensen av kva vi held på med. Slik er det med innføring av digitale reiskap for å lære med og. Men vi øver. Og aksepterer, at vi øver, “om du jobber med dette, så løsner det” hugser du?

Dialogen

Dialogen mellom elev-lærer og elev-elev er viktig. Der er vi alle einig trur eg. Munnlege samtalar, relasjonsbygging, tilbakemelding, rettleiing, prosessorientert metode, samarbeid, deling.. Alt dette bygger kompetanse, relasjon og utvikling. Med digitale reiskap vil dialogisk aktivitet utvide seg, informasjonssøke, samtale om funn, vurdere “fake news” vs haldbare funn, samarbeid, rask respons, bruke eiga stemme, tankekart for å synleggjere den totale kompetansen omkring eit tema i klassen. På denne måten er elevane med å definere nivået dei er på, og er dermed med å påverkar nivået av undervisning.

Gjennom samskrivingsreiskap vil ein som lærar enkelt kunne vere tilstade under sjølvse produksjonen, i staden for å alltid ligge bakpå med å sei kva som fungerer og ikkje. Når eg ser ein elev formulere seg, live, og kommenterer i lag med eleven, så har vi òg ein dialog, ein dialog der eleven er med og gjer justeringar og er motivert for det.

Digital dialogisk aktivitet

Tilgong

48 % av kommunane har gjort politisk vedtak om 1-1-løysing for ungdomstrinnet.
Barneskulen ligg bakpå med 25 % på 1.-4., og for 5.-7. med 29 %. Isolerer ein til dei kommunene som har vedtatt 1-1-løsning for ungdomsskolen, er der tendens til at vedtaket får ringverknad for barne- og mellomtrinnet. I kommunene som har digitalisert ungdomsskulen, er det innført vedtak om 1:1-løsning på 48 % av barnetrinnene og 57 % av mellomtrinnene. Altså er tala der det er satsa på ungd.skule dobbelt så høge (Skaftun og Brønnick 2018).

Nytteverdi

Undersøkinga viser positiv haldning til digitalisering blant skuleeigar og. Om teknologi har plass i framtida i skulen svarer 67% av eigarane at det er lurt med ein enhet til kvar elev, 56% for 1:1 løysing. Faktisk kun 2% svarer at 1:1 løysing utfordrar grunnverdiane i skulen og 1% at det å gi elevane kvar sin enhet skaper fleire problem enn det løyser (Skaftun og Brønnick 2018).

“Ein les dårleg på skjerm”

Her er det rom for mange gode diskusjonar. Og ikkje minst, ganske mange enkle tolkingar som vi støtter oss på, fordi vi “trur” og “ynskjer” at ting skal vere som dei har vore. Det motsette av å endre praksis. Meiningar skal det vere, det er bra det, men forsking må få uttale seg og. Så må ein forstå at i all forsking er det kun faktorar som er observert. I det du setter to faktorar saman, vil den eine påverke den andre. Her har vi “trudd” mykje, uten å forstå kva vi ser.

Læringsutbytte er djupnelæring og problemløysing, i alle fall blir det sentrale omgrep når ein skal snakke om læringsutbytte i dagens skule, og neste åra med Fagfornyinga. Element for å oppnå dette er kreativitet, kollaborering, kommunikasjon og kollaborering. Ein skal vere produsent av eigen kunnskap, framfor konsument, ikkje reprodusere innhaldet i læreboka. Vakre ord, så lett å gjere, så vanskeleg å forstå korleis med gårsdagens praksis i bakhovudet?

Skjermlesing vs papirlesing er ein anna debatt. Ber vi alle som gjennomfører undersøkinga å lese på papir? Eller skjerm? Det vil sjølvsagt påverke resultata! Der er funn som kan tilseie at skjermlesing ikkje er optimalt, når testen blir gjort på papir, men så er det tolkinga av data då. Der kan vere signifikante funn (ikkje tilfeldige), men låg statistisk effektstorleik. Funn kan vere “ikkje tilfeldig”, men ha liten praktisk betydning likevel. Oppføgingsstudie som vart gjort der elevar leste på iPad i staden for papir vart gjort, og gjett kva? Forskjellane (dei signifikante verdiane) forsvann. Faktisk var det positiv haldning til å lese på skjerm (Skaftun og Brønnick 2018) !

Vi må vurdere korleis vi tolker resultat, i staden for å vere bastant – i fare for å vere bastant på nett det.

“Ein lærer med blyant”

Her får vi nok same resultat som over. Om vi lærer betre med blyant, handler stort sett om undersøkingar der vaksne skal lære seg og skrive og hugse bokstavar i eit framand alfabet. Då får vi feil verdiar, eller resultat dit etter. Dei som øvde med blyant gjorde det betre enn dei på tastatur riktignok, aktivering av språksenteret (Brocas-senteret) var meir aktivert med blyant. Så då er det klart då? Blyant er betre?

Men kva om ein ser litt vidare og breiare på den pedagogiske skriveforskinga der ein utelukka ser på kontekstuelle forhold, men neglisjerer dei individuelle, psykologiske, fysiologiske, sansemotoriske og fenomenologiske forholda? Er dei forska godt nok på? Nei, vi ser utelukka på språksenteret og dets aktivering.

MEN;

Er det gitt at om språksenteret er meir aktivert, at du lærer betre? Det er streng tatt kun kodemestring, reproduksjon, og har lite med omgrepet læring slik ein som pedagog skal forholde seg til det. I alle fall slik Fagfornyelsen setter fokus på omgrepet læring. Kodemestring er reproduksjon. Konsument av læring, ikkje produsent. Eg trur på ein gyllen middelveg.

Skaftun og Brønnick (2018) skriv det så fint

“Hvis skolen blir et museum der elever rustes til et liv i utstillingsmontrene, men ikke til en videre utdanning og arbeidsliv som er gjennomdigitalisert, har vi feilet”.

Vi må endre praksis

Tolmod er ein dyd. Vi må tilpassa oss “the internet of things” og den digitale tidsalderen, der jobber som bornet i barnehagen skal ha, ikkje er oppfunne enno. Digitale reiskap er, og må, og skal bli ein endringsagent (Rongved-2, 2018).

Utrulling er hengivenhet, kaos, feil, læring, som skaper avsmak og føresette og lærarar, samt frustrasjon og støy. Heilt naturleg. Vi endrar praksis. Få “liker” det.

Implementering er der nye normer og regler, metodar og strategiar blir innarbeida. Der kompetansen til lærar og elev aukar og produksjon av læring er i fokus framfor konsum.

Orden er endring av praksis er blitt etablert praksis og tar igjen teknologien. Der systemnivået er plastisk og forandra og hensiktsmessig bruk.

T-T-T, men det betyr ikkje at det går adundas fordi vi ikkje veit resultatet. Når gjer vi eigentleg det?

Endre praksis, med Endre Praksis

Kjelder:

Elisabeth Rongved (2018): Egen PC til hver elev kan gi nye muligheter i undervisningen. https://lesesenteret.uis.no/forskning/forskningsprosjekter/respons/aktuelt/egen-pc-til-hver-elev-kan-gi-nye-muligheter-i-undervisningen-article120250-14073.html?articleID=120250&categoryID=14073

Elisabeth Rongved-2 (2018): Elevene må få tilgang på teknologi i klasserommet. https://lesesenteret.uis.no/forskning/forskningsprosjekter/respons/aktuelt/elevene-ma-fa-tilgang-pa-teknologi-i-klasserommet-article120192-14073.html?articleID=120192&categoryID=14073

Skaftun og Brønnick (2018): Stener kan ikke flyve https://lesesenteret.uis.no/blogg/stener-kan-ikke-flyve-om-digitalisering-av-skolen-article124347-22354.html?articleID=124347&categoryID=22354

Posted on Leave a comment

Framtida sitt klasserom / undervisningsrom med tanke på fagfornyelsen

Det er lett å tenkje, drøyme og fantasere, og det synes eg vi har lov til i desse tider. Framtida sitt klasserom ligger klart, med duk og dekka bord. Det er lov å utforske og tenkje veldig nye tankar, ettersom Fagfornyinga er rundt hjørnet og den vil krevje at ein gjer nett det.

Etter å lese, deltatt på workshops, webinar, tenkt, diskutert.. Det meste, så er det nokon tankar som slår meg.

Nytt, nytt nytt….

Vekeplan

Elevar kjem på skulen på dag X, går inn og ut av undervisning. Norsk, matematikk, engelsk og KRLE. Det er bytte av lærar, der alle har ei meining om at innhaldet i sine tilmålte minutt er det viktigaste i heile verda. Læraren er mest truleg engasjert, har godt opplegg og ynskjer å fange elevane. Opplever elevane det? Dei går inn, er med, går ut, går inn, er med, går ut, går inn, er med går ut.

Det fungerer ikkje.. Ein får ikkje kreativitet, kollaborering, kommunikasjon og kritisk tenking, medborgarskap, demokrati, livsmestring, folkehelse, kompetansemål, tverrfagleg arbeid, overodna del, samhandling.. Eller fokus..

Ein får kaos.

Klasserom

I skissa over, så ser dei fleste klasserom like ut, med kreative innslag. Men i botnen ser dei ca. slik ut:

Inn ei dør, vask i nærleiken, fastmontert skjerm på vegg med kateter, som igjen definerer retningen i klasseromsbussen med elever i 2-3-4-5 eller 6 rader, ein pult forran seg og ein stol å sitte på. Mange har ein blomst, farger, konkretiseringsmateriale, laminerte plakater, gjennomtenkte løysingar.. Men gjer det eigentleg ein stor skilnad? Det er ein buss.. Med passasjerer.. I seks timer og haugevis av stopp på vegen.

Kvifor må eit klasserom sjå ut som eit klasserom?

Kva om ein tenkjer heilt nytt? Mest truleg har det med det ordet, “nytt”.. “Det er faalig det” som han sa i Flåklypa. Spesielt i henhold til tradisjon.

Timeplan / vekeplan i opent læringlandskap

Her er barnehagen best! La oss berre innrømme det først som sist. Som pedagog i skulen har eg alltid beundra barnehagen. Dei har variasjon, er ute, er inne, har tema, fokus, føl årstider, i båt, går på fuglelydjakt, leiter etter dyrespor, slakter, lager mat, går på oppdagingsferd, leiker, har rollespel… Lista er umogleg å fylle ut. Den er lang.

SAMTIDIG SOM DEI HAR OVERSIKT OG GJENNOMTENKT PLAN.

Ein plan er ei skisse, eit utgongspunkt, men i skulen blir den fort førande og definerande. Fagfornyelsen skriker “tenk nytt”.

Under er ein timeplan. Den kan fort sjå slik ut.

..og relasjonen mellom innhaldet, kan fort vere sliK

Tenk å vere elev i dette… Du kan ha så gode lærarar du vil, med det mest engasjerande innhaldet som finnes.. Men.. Hadde du taklet det som mottaker? Det vi skapet med slik relasjon i timeplan er: Passive mottakarar i staden for –>

Aktiv deltager

Tema, overordna del, tverrfaglighet og kjerneelement er nøkkelen. Kva om planen var slik? (ja eg veit, Noreg har fag og timefordeling, men det er lov å tenkje på denne måten seier UDIR). Ein må tørre å tenkje nytt.. Og planlegge. Og ha reiskap for fleksibel læring i form av inventar og teknologi. Legg rammene med tverrfagleg organisering, møblering, vekeplan og inkluder teknologi som som eit reiskap til å lære med, så kan vekeplanen fort bli slik. Ikkje raud tråd (likar ikkje den fargen), men grøn tråd. Kanskje planen ser slik ut i 2-3 veker? Det skapar (kanskje) det hengande ordet; Djupnelæring (kva enn det eigentleg er..).

Klasserommet for fleksibel læring

Noko eg har hatt stor glede av å lese meg opp på er “The Future classroom lab”. Det oppstod i Brussel rundt 2012. Her tenkjer ein kombinasjonen av kompetanse mot 21. århundre sine ferdigheter og læring, tilpassa ulike læringsmetoder med tanke på personleg, aktiv læring. Læringsrommet er designa for å treffe engasjement og interaksjon og saman med teknologi som støtter og treffer / aukar læringsutbytte.

Kjelde: http://www.eun.org/professional-development/future-classroom-lab

Slik kunne ein i teorien satt opp ein læringsarena. Eit område er delt opp til ulike mål med ulik tilnerming. Mange vil tenkje det er vel futuristisk, men sjølv har eg prøvd det i eit tradisjonelt (buss)klasserom. Det første eg gjorde var å snu klasserommet. Vi sat ein ny veg, med døra og klokka i ryggen. Tavla var bak oss, ein avslappingsstad, lesehjørne, samtalesone og arbeidsstasjon. Det såg ca. slik ut:

Her hadde vi det som kunne sjå ut som fullstendig kaos, men vi storkosa oss. Her var det rom for ulik læring og trong. Det einaste som var ei utfordring etter eiga erfaring var den fastmonterte skjermen. Hadde eg hatt høve til å flytte på den, så ville det fungert enno betre.

Elevar er flotte. Dei tilpassar seg, men setter stor pris på mulighet til variasjon. Det er alt dei ber om.

Vil framtida sitt arbeid krevje at vi sit på rekke og rad i eit landskap og er passive? Eller at vi flyt rundt i omgjevnadar og jobber kreativt, saman med nytenking?

Så mitt ynskje er, tenk nytt. Over heile fjøla. For Fagfornyelsen ber oss om det. Men vi må tørre å ta den muligheten.