Med dette geniale tipset kan du ta ut ansikt, eller andre element av eit bilete
Om du eig nokon av desse modellane av ein iPhone vist lenger nede har du høve til å bruke funksjonane som lar deg bruke “Live Text”, “Visual Look Up” og “Lifting Subject”. Her skal eg kjapt vise deg “Lifting Subject”. Dette er ein enkel, men nyttig funksjon når du trenger kun eit element av bilete, i staden for heile bilete. Til dømes har eg tatt ut borna frå eit bilete, for så lagt dei inn i redigeringsapp samla. Enkel måte å få tatt familiefotoet på når ikkje alle ynskjer å samarbeide 🙂
Kan fint brukast til å raskt lage plakatar og. Har du ein fin gitar som du ynskjer å isolere? Hold & Grab 🙂

Det er ganske fantastisk funksjon frå iOS16 og enkelt ein favoritt (for dei som veit om det).
Hald inne på eit ansikt eller element og trykk kopier. Dette isolerer elementet og sender det til “clipboard”. Herifrå kan du sleppe det inn i ein anna app, utan den originale bakgrunnen. For å gjere dette treng du berre å halde inne ein stad du kan skrive tekst, og trykk “lim inn”. Om appen støttar bilete, skal det virke.
Eit lite obs er at dette fungerer kun når objektet er svært tydeleg. Bilete tatt i portrettmodus fungerer ekstra bra. Det må ikkje bere eit menneske eller dyr; om iOS kan identifisere elementet, eller fokuset, kan det bli løfta ut med dette trikset.
Under er ein video der eg tar ut noko så enkelt som ein termos.


Som videoen til venstre viser, så er det ganske enkelt:
- Opne Bilete
- Trykk og hald inne elementet du ynskjer
- Når det "detter" ut av biletet trykk "kopier"
- Lim inn enten i mail, meldingar, notater, freeform for å nemne nokon.
- Trykk "del" for å opne opp delingshøver, som Air Drop, Meldingar eller mail.