Hat det, eller lik det. Det spelar ingen roller

Open AI, eller http://chat.openai.com, er her. Den kan gjengi informasjon frå nettet, ved enkle spørsmål. Teksten finnes ikkje, den blir generert der og då. Det vil med andre ord sei at ein plagiatkontroll vil ha vansker for å identifisere kvar kjelden er. Det er mange eksempel allereie på kva denne Boten kan gjere, mellom anna her då den fekk B på eksamen etter eit par sekund. Les her: https://khrono.no/chatbot-loste-eksamensoppgave-pa-fa-sekunder-fikk-karakter-b/740911

Klipp og lim er dermed trygt (igjen). 

Vi kan like det, eller hate det. Det endrar ingenting. Det er her, det er i framtida. Vi kan like gjerne tilpasse oss først som sist. 

Copyright blir òg problematisk. Med bildetjenesten, som for øvrig også nytter AI, til å sette saman bilete etter tekstbasert ynskje er ein utfordrar. Her til dømes har eg søkt på følgjande:

Og får opp desse alternativa:

Korleis bruke AI i undervisning?

Dette blir det store spørsmålet framover. Her i Endre Praksis AS tenkjer vi det bør kunne gje unike høver. Ja, det vil utfordre korleis ein stille eit spørsmål. Spørsmål som driv med direkte informasjonsgjengjevnad blir i større grad, mindre interessant. Ta for eksempel klassikaren:

Det tok omtrent 9 sekunder å generere følgjande tekst:

Kva ein ikkje burde bruke i ei oppgåve

Enn kor fristande det er å lage store oppgåver som “tolk Henrik ibsen Ett Dukkehjem”, så må ein nok enno lenger ned i materien. Kva om ein staden hadde gitt ei oppgåve som: “kvifor har Torvald ulike kallenamn på Nora?” Det kan jo denne saken umogleg svare på vel? Tru om igjen. 

Hmm.. Om ein graver enno djupare då, kunne dette fungert?

 

Kva kunne spørsmålet vore?

Etter å putte spørsmåla mine inn i systemet ser eg at uansett så blir det generert ein eller anna form for svar. Samstundes har eg lært ein heil del og i min søken på det gode spørsmålet. 

 

Eg trur jammen mi neste oppgåve skal vere.

 

“Kva er gode spørsmål til Ett Dukkehjem som vi kan undersøkje”

 

 

og la elevane hamre laus på den nøtta i staden. 


Skriv gjerne tankar du har om bruk av denne teknologien i undervisningsrommet? Bli gjerne med i Facebook gruppa “Undervise med AI (Kunstig intelligens). Du finn den ved å trykke på knappen under


Leave a Reply