Ver aktiv, lær og ha det moro
Som så mange andre stadar, har pandemien sett ein stopper for kurs, opplæring og kompetanseheving. Endeleg vart det slik at vi fekk besøke Vatne barneskule i flotte Ålesund for å gjennomføre iMO-learn kurset, og det var så kjekt at det må delast. Etter lang dialog, og mange planleggingar saman med rektor, Ranveig Vedeld, kom vi endeleg i mål med gjennomføringa. Tilsette ved Vatne barneskule kom over iMO-learn etter eit besøk på Knappskog Skule, der Endre Praksis AS heldt det første iMO-learn kurset i Noreg. Du kan lese om den saka ved å trykke på knappen under.
For tilsette først
For å få god innføring før økta med elevane, hadde Endre Praksis AS, med pedagog Endre Natvik, ei gjennomgåande økt med dei tilsette om kva iMO-learn er, tankane bak, idear til bruk i læringsssamanheng og leik. Dette trur vi er viktig for at flest mogleg vaksne skal vere trygge til å ta iMO-learn i bruk på ein konstruktiv måte.
Kort forklart, iMO-learn er ein stol, som er konstruert for rørsle. Akkurat som vi menneske er konstruert for å røre på oss.

Det var god stemning, og eg er rett imponert over dedikasjonen og interessa i å lage ein meir aktiv, innhaldsrik og læringsrik kvardag for elevane. Det er utruleg kjekt å møte slike dedikerte tilsette ved skule som berre osar lyst til at borna skal ha ein god dag.
I tillegg til å fungere som stol, kjem det med hefte med 100 aktivitetar som ein enkelt kan sette i gong, eller bygge inn i læringsaktivitetar. Vi fekk rett nok ikkje gjort alle 100, men fekk brynt samarbeid, kommunikasjon og balanse ein del.

Etter å hatt ulike stafettar og “gulvet er lava”, så tok vi turen innom konstruksjon. Ettersom forma på iMO-learn er som den er, er dei glimrande å bygge med. I det medfølgande heftet får ein 40 konstruksjonsoppgåver, med ulik vanskegrad. Min personlege favoritt er å lage bru, då den krever mykje samarbeid, planlegging og muskelkraft, i lag. Ikkje minst er den ein glimrande inngongsnøkkel til å starte samtale omkring friksjon, kraft og motkraft.

Dag 2 var det elevane sin tur
Etter å hatt ein teorigjennomgong med tilsette, leik og moro, var det på tide å leike med elevane. Orsaka til at dette er ein god metodikk er at dei tilsette no kan og veit, men til sjuande og sist er det elevane som skal bli superbrukarar. Det vart gjennomført 4 økter, frå 1. klasse til 5. klasse. Dei yngste var det mest analog leik, der vi mellom anna brukte iMO-learn til å svare på grammatikkoppgåver og mattenøtter, uten å sei eit einaste ord, men ved å enten ligge oppå stolen, slå på stolen, halde den over hovudet, sitte på kne, ha den framfor eller bak.
Dette fungerer svært godt, då ein av utfordringane med fellesøkter og svar, er at det alltid er nokon som veit svaret før andre. Dette fører til at nokon får mengdetrening i å svare, og andre får ingen trening i å tenkje. Svaret kjem tross alt lenge før ein har fått tenkt seg om. Personleg trur eg dette er ein,av mange, orsaker til at nokon elevar rett og slett skrur av. Når stolen er svarobjektet, så tar alt lenger tid. Er ein usikker, så kan ein sjå kva andre gjer.

Her svarar samtlege elevar at “å hoppe” er eit verb. Instruksjonen på tavla seier at om ein trur det er verb, stå på stolen. Er det adjektiv, ligg på stolen. Er det substantiv, hald stolen over hovudet.
Vidare var det klart for konstruksjon og eg må sei meg mektig imponert over samhandlinga elevane viser, og ikkje minst kommunikasjon. For dei yngste vart det ulike formar som rektangel og kvadrat, dei eldste fekk bryne se gpå brua.


Spenninga var til å ta å kjenne på når vi skulle sjekke om den stod av seg sjølv…


Takker for at eg fekk kome på besøk.
Ynskjer du å lære meir om iMO-learn, send gjerne ein e-post eller les meir ved å trykke på knappen under.