Som lærar sjølv finn eg alltid dette som eit dilemma. På ei side er det heilt klart ein fordel om eg greier å oppretthalde ein viss ro i klasserommet, samstundes veit eg kor unaturleg dette er for ein kropp som kjem frå ein aktiv barndom. Rørsle har vore dei største oppdagingane og bidragsytara til positiv stimuli av og skryt. Merksemd frå dei viktigaste personane rundt deg.
Alt frå første gongen ein løfta på hovudet, snudde seg rundt. Krabba. Røyste seg. Tok eit skritt. To skritt. Fem skritt. Springe. Forlengs rulle. Slå hjul. Nokon til og med salto (har aldri forstått kvar den første tanken om det kom frå). Kvar gong har det (forhåpentlegvis) gitt skryt, applaus, gode blikk, varme, positiv stimuli til å føresette, rollemodellar rundt.

Då er det noko fundamentalt gale at vi tar i frå bornet dette på skulen. Rørsle er noko vi skal verdsette. Vi må forstå at rørsle er, og skal vere, positivt betinga. Dei største bragdene blir utført med rørsle. Altfor for ofte ender vi med å gjere det motsette. For å halde ro og orden.
Eg starta i innleiinga med at eg finn dette dilemmaet vanskeleg som pedagog. Løysinga har vore å styre aktivitetar der rørsle er ein del av undervisninga. Men kvar gong det er reint vaksenstyrt, er der og påfølgande reglar, forventingar, målingar, vurderingar og meiningar. Dette fører til at rørsle er forventa, på ein viss måte, med ein viss ro, på ein viss måte. Det er noko som skjer umiddelbart ein vaksen seier “no skal vi” uavhengig kor godt meint det er.
Det er ein orsak til at ein vipper på stolen, at ein sit på ulike måtar i løpet av 60 minutt. Det er den spontane rørsla, den rørsla som skjer utan at vi tenkjer at “no skal vi”. Det er akkurat denne rørsla eg tenkjer på avsnitt to.
Når bornet løfta hovudet var det ikkje fordi nokon sa “no skal du løfte hovudet”. Om du har vore ein av dei som har sagt det, slik som meg, så er du nok samstundes vel vitande om at bornet strengt tatt ikkje forstod deg. Eller når ein starta å gå. Ein har rørt seg lenge før ein lytta på kommandoar. Det var den spontane rørsla, motivert av å studere rollemodellar, strekke seg, prøve på det umoglege. Kanskje den vakraste delen med born. Standhaftigheit. Den vi aldri må røve frå dei.
Men kva med i klasserommet? Der er det lærar som er rollemodell. Lærar kan gå, sitte, røre på seg, drikke kaffi, sjekke mobilen (kanskje?), gå ut, gå inn. Men borna kan ikkje.
Her skjer det eit brot synes eg.






Eg er glad for 2019 der eg oppdaga iMO-learn stolane, og valde å satse på desse i Noreg. Dei løyser ikkje alt, men det er ein start. Det at det finnes stolar som er skapt for at ein skal få røre på seg, vippe, løfte på, gå på, ha stafettar på, bruke til å svare med, analogt og digitalt. Det at eit møbel i eit und(r)evisningsrom faktisk har ein pedagogisk effekt. For det er ein gong så at vi har lært så mykje om læringsteori, forsking på læring, læringsstilar, metodar, at det kanskje er på tide å tenkje på inventaret rundt eleven. Der er vi stort sett veldig gode dei første åra. Der er kalender, på norsk, engelsk, kanskje til og med polsk, arabisk og snart ukrainsk? Vi startar med dagen i dag, på alle språk, været, vi trekker lapper, snakkar om tinarveden til datoen. Det heng lappar med namn, forbokstav, stor bokstav, liten, plakatar med “sun” og “rain”..
Men framleis sit vi som på ein buss.. På rekker, med ein pult og stol som er din. Som er nærast bolta i gulvet. Mi erfaring er at noko av det minst mobile i eit læringsrom er stasjonen din, og bornet sin eigen kropp.
Har du ikkje høyrd om iMO-learn før, så ta gjerne kontakt på e-post. Eg demonstrerer gjerne. Du kan starte med å sjå denne videoen 🙂
Om du skulle synes tankane er heilt på bærtuer, eller at det er noko fornuftig, så del gjerne tankar i kommentarfeltet under. Alt er godt mottatt !
Genialt! Hvor får jeg tak i disse?
Hehe.. Ja ikkje sant? Hos meg for eksempel :p