Posted on Leave a comment

Få høgkvalitet webkamera, uten å kjøpe det

Dei fleste sit i dag med telefonar som har enormt gode kamera. I dagens situasjon med mykje heimekontor, eller undervisning har sjølvsagt mange gått til innkjøp av webkamera. Desse leverer så som så kvalitet, koster ein del og er relativt statiske.

Noko eg kjente på var muligheten til å ha eit kamera, som var mobilt. Spesielt inn mot undervisning. Det å flytte rundt på kameraet som er festa til skjermen blir ofte plagsomt, og upraktisk.

Om ein berre kunne bruke mobiltelefonen. I staden for å ta bilete av det ein ynskjer å vise, sende på chat, rett og slett berre kople mobilen som eit kamera på møtet, enten for å vise eit ark, bok, teikning, demonstrere noko..

Vi er i 2021.. Sjølvsagt er det mogleg.

Orsaken til at eg vel å skrive om dette er rett og slett fordi eg har oppdaga at svært få veit at ein kan gjere mobiltelefonen som til eit ekstremt godt webkamera, uten kabel eller anna rot.

Det krevst sjølvsagt ein app på mobil som sender data, og eit program på PC/Mac som mottar data. Ein kan velge mellom å bruke kabel, eller det trådlause nettverket. Så lenge mobiltelefon er kopla til same trådlause nettverk som PC/Mac, så fungerer det brillefint.

Der er fleire aktørar, sjølv har eg valgt Epocam. Synes rett og slett det fungerer best, har enkelt oppsett og berre fungerer som det skal, enten eg skal ha kameraet på norske Whereby eller andre tenester som Zoom eller TEAMS… Går litt i surr kvar eg skal møte til tider, men det er ein anna sak.

EpoCam er gratis og gir deg tipp topp biletekvalitet. Det er sjølvsagt ein betalt versjon (nei, eg samarbeidar ikkje med Elgato i det heile tatt og har ingen fordelar av dette anna enn opplysning). Om ein vel betalt løysing får ein først og fremst høve til å gjere mobiltelefonen om til mikrofonkjelde. Ellers er det andre element som greenscreen, 1080 biletekvalitet for å nemne nokon. Sjølv fungerer den heilt fint gratis då eg i hovusak har brukt det til å vise fram utrekningar, bilete, visuelle framstillingar til elevar og kollega.

Her kjem ein steg for steg korleis eg satte det opp.

  1. Last ned appen. Du finn han på Google Play og App-store om du søkjer på Epocam.

2) Gå gjennom stega. Du blir rettleiia i 3 steg, lett som berre det. Først ein kjapp intro.

Første steget avhenger om du sit på ein Mac eller PC. Her vel du ikonet, og får oppskrifta opp.

Det kjekke her er at det fungerer fint trådlaust, så lenge kamera og maskin er på same trådlause nettverk.

Siste steget er å gi EpoCam høve til bruke kamera og få tilgong på nettverk.

Får å få makina til å snakke med appen treng du som nemnt over eit program på maskina. Sjølv valgte eg enkelt nok å gå inn på sida https://www.elgato.com/en/downloads. Derifrå frå nedtrekksmenyen valgte eg operativsystem og program. Du må sjølvsagt velge Epocam. Obs, du må i så fall sitte på windows 10.

Trykk så på nedlastingsikonet oppe til høgre.

Klassiske nedlastinga skjer sjølvsagt..

Når nedlastinga er ferdig, dobbeltrykker du for å starte installeringa. Vipps får du opp denne beskjeden. Då er du good to go. Nesten.

Herifrå er det berre å bruke. Gå inn på appen på telefonen din, når du vel videokilde på møteprogrammet dukker EpoCam Camera opp.

Du har no eit mobilt og dynamisk webkamera som du kan bytte over til når det trengs.

Leave a Reply