Posted on Leave a comment

EDB i klasserommet? Endre Praksis har børsta støv av e-kursportalen sin!

Kanskje du hugsar tilbake når det var noko som var EDB kurs? Vi gjekk, nervøse bortover fordi vi skulle lære “elektronisk databehandling”. Det var rett og slett lite givande, pedagogisk sett. Og gav i alle fall ikkje noko særleg meirverdi til elevane.

Eg trur faktisk EDB-kursa er litt av orsaken til at mange den dag i dag trur at datamaskina kan bli ødelagt og eksploderer om du trykker litt feil og dermed vegrar seg. For det kunne faktisk skje før, eller, den som holdt kurset trudde det.

Endre Praksis har laga sitt eige EDB kurs for pedagogar. E-kurs om korleis du kan bruke digitale reiskap på ein fornuftig måte i klasserommet og til eigen bruk. Steg for steg, og med ein plan.

Du finn e-kursportalen på denne sida: https://pedagogiskekurs.teachable.com/.

I lang tid har det vore produsert videoar i Endre Praksis, nokon veldig korte og små, andre lenger. Nokon omfattande, nokon berre praktiske. No har vi børsta støv av dei, testa dei på andre, gjort endringar basert på tilbakemeldingar, pynta på dei, lagt til effektar slik at dei fungerer enno betre som forklaringsvideo.

E-læring er kome for å bli.

Så langt ligg det video om TEAMS, OneNote, digitalpedagogisk didaktikk og teori, snarvegar i Chrome, digital lærarplanleggar i OneNote for å nemne noko.

Konseptet er enkelt: Kvar mnd. kjem det ein ny kategori ut. Neste er “snarvegar alle pedagogar MÅ kunne på tastaturet”. Alle videoane kan ein få tak i med eit enkeltkjøp.

MEN: Det kunne blitt ganske dyrt i lengda? Derfor er det mogleg å abonnere på heile kursportalen. Når ein video har vore ute i ein mnd, blir den lagt til her:

Pr. november 2020 er der 7 kurs: Grunnleggande TEAMS og OneNote, Presenter10, Digital didaktikk og teori, Triks og tips med OneNote, Lær planleggingsreiskapet til UDIR, 10 tips for meir effektiv kvardag i Chrome og digital lærarplanleggar (nedlasting). Totalverdi på over 10.000,-.

Enkel regel. Har kurset vore på framsida i ein mnd, blir det lagt til under “abonner på heile kursportalen” etterpå. Abonnerer ein på den, får ein tilgong til alt. Enkelt og greit. For å gå direkte til dette kurset, trykk HER!

Fordi eg synes det er litt artig, vil det alltid ligge små, lure hint rundt omkring på nettsida. Oppdager du dei vil du kunne få avslag på enkelte produkt. Den første, den skal vere ganske grei. Men den neste, den blir vanskelegare… Du finn det første hintet her.

I tillegg vil eg tilrå deg å legge igjen e-posten din på www.endrepraksis.no. Eg har ein tendens til å kome med eit par alt for gode tilbod i ny og ne.

Følg YouTube-kanalen for gratis videoar om tips og triks til klasserommet ved å trykke HER!

Om du framleis er litt skeptisk, sjå gjennom denne videoen om kva innhald det er pr. november 2020.

Leave a Reply