Posted on 1 Comment

Omvendt undervisning for effektiv læring i skolen

Omvendt undervisning, eller Flipped Classroom er ein eigen metode. Målet er å gjere fagstoffet tilgjengeleg når det passer den som skal lære. Det er ikkje alltid i klasserommet ein er mest mottakeleg.

Vanleg reiskap er video. Men det er mogleg å opne opp meir ved å bruke spel, eller kva med ein podcast? Under ligg ei lenkje med ressursar som er gode frå StatPed. Der ligg god starthjelp for å kome i gong som biletet viser.

https://www.statped.no/laringsressurs/teknologitema/omvendt-undervisning/

Viktig for å lukkast med omvendt undervisning er at dei som skal lære, faktisk er motiverte og ynskjer å bruke tid utanfor klasserommet. Det er ofte vanskeleg, fordi vi har innarbeida ein tankegong om at “på skulen lærer vi, heime har vi fri”. Nettopp derfor er omvendt undervisning viktig. Vi må få snudd tanken om at vi “berre lærer på skulen”. Vi lærer heile tida, og i dagens tekniske samfunn, kan vi lære det meste kvar som helst.

Det er viktig å bruke ulike reiskap. Akkurat som på skulen, for å skape variasjon. Målet er: still førebudd til økta, der du skal lære å bruke kunnskapen. Slik skaper vi ein meir aktiv læring på skulen.

Mange synes det er krevjande å lage video. Spesielt noko som skal engasjere og skape ein viss indre motivasjon. Dette har ført til at det er mest brukt frå VGS og oppover. Eg er ueinig, Korona kom og brukte omvendt undervisning ned i 3. klasse.

Eit eksempel på omvendt undervisningsopplegg om “bærekraft” finn du her:

https://www.statped.no/laringsressurs/teknologitema/omvendt-undervisning/eksempel-pa-undervisningsopplegg/

Det er ikkje kvar dag eg har spelt skodespel med meg sjølv, vore Wergeland og Welhaven, som disputerer med kvarandre tross alt. Men gosj så moro det var.

Eg nemnde video som metode. Det virker som det einaste reiskapet. Om ein tenkjer litt annerledes på det, som kva målet er, ynskjer vi å at ein er førebudd til neste økt. Omvendt undervisning kan like gjerne vere å gå ein tur og oppdage vårteikn. Så kan ein jobbe med å identifisere vårteikn seinare.

Fordelen med omvendt undervisning er klar:

Lettare å differensiere og elevane får ein induktiv og sosiokulturell læring. Ekstra positivt er det å kunne sette pedagogen på pause, spole, høyre det gjentatt. Stoff du har laga kan gjenbrukast seinare.

Er det ulemper?

Som med alt.. Det tar tid å lage godt innhald. Spesielt i starten. Mange er redde for det tekniske.

Har du erfaring med omvendt undervisning? Del gjerne i kommentarfeltet. Hugs å gå til www.endrepraksis.no, skroll litt ned og legg igjen e-post for å motta tips, triks i det moderne klasserommet om du ikkje har gjort det frå før.

1 thought on “Omvendt undervisning for effektiv læring i skolen

Leave a Reply