Posted on Leave a comment

Ein takk

Vi feirer tradisjonelt runde tal. Sjølv om det er eit tal, som alle andre tal, så set vi litt ekstra pris på dei. Personleg kjenner eg på at runde tal veks med mengde. Eg kan ikkje hugse at eg tenkte spesielt på “no er eg 10 år”, like mykje som “no er eg 20”. Sjølv om det kan vere fleire grunner til det… Enno meir tenkte eg når eg var 30. Og sikkert enno meir når 40. Du tar teikninga.

11.08 2020 er ein slik dag for Endre Praksis. Det var dagen når eg nådde 600 følgarar på Facebook. Eg er audmjuk, samtidig kjenner eg på litt æresfrykt. Som med alle tal, når dei veks, og gjerne er runde, føl det forpliktelsar. Slik kjenner eg på det akkurat no. Eg ynskjer å ta tak i den slik at ein skapar verdi for fleire. Det er hovudorsaken til at eg starta i læraryrket tross alt. Forpliktelse er ein god ting. Det skjerper sansane, gjer deg litt meir medviten og gjer at du kan prestere enno litt betre.

Endre Praksis nådde 600 følgarar.

Så først og fremst, takk til alle 600 som følger. Det blir verdsatt høgt. Når ein er medlem av noko, så ynskjer ein få noko tilbake. Eg håper det er forventninga til alle 600 som har likt sida.

Seks hundrede takk.

Så eg spør rett ut, og håpar ein kan kome med ein kommentar enten på Facebooksida du finn ve å trykke HER med kommentar på posten, eller i dette innlegget nederst:

“Kva skulle du ynskje vart formidla innen skule, metode, digitalpedagogikk som du hadde satt pris på?” – Eg vil prøve å ta tak i alle tinga som kjem inn.

Mykje spennande er på gong no, snøballen har begynt å rulle. Det er lanseringsfest av matematikkspelet Numetry i Grieghallen 3. september som eg er stolt over å få vere med på, oppstartseminar for Barnevakten, den veksande interessen for iMO-learn (du kan sjå den ved å trykke HER), eit potensielt samarbeid med eit stort europeisk EdTech selskap og freelancearbeid. Ikkje minst ser eg fram til å jobbe som digitalpedagog i skulen og hauste mange erfaringar der som eg kan ta med meg, og gi vidare. Stay tuned.

Til slutt vil eg raskt minne på at mykje går ut som nyheitsbrev til hundrevis som har lagt igjen e-posten sin, du finn den ca. 1/3 oppe på framsida www.endrepraksis.no. Der sender eg ut tips, triks og eit knalltilbod i ny og ne. Det blir holdt til dei litt større og formelle tinga. Så har du ikkje lagt igjen e-posten der kan det vere du har gått glipp av noko.

Tusen takk for tilliten alle saman. Helsing:

Endre Natvik, dagleg leiar i Endre Praksis AS

Leave a Reply