Posted on 2 Comments

1) Design Thinking i und(r)ervisning? – har du tid til effektiv læringsmetode?

Ja, og atter ja. Design Thinking er ein veksande metodikk som verkeleg høyrer heime enten du skal organisere huset ditt, starte innovativ bedrift eller produkt, eller i undervisning.

Kva er Design Thinking?- kort forklart.

Design Thinking er innstilling, ein metodikk som angriper korleis ein tenkjer og møter læring, samhandling og problemløysing. I praksis, er Design Thinking, eller Design Tenking på norsk, ein prosess og eit rammeverk for å identifisere utfordringar, samle informasjon, generere potensielle løysingar, grave ut idear og teste løysingar. Som metodikk er den fleksibel og kan fungere fint for å oppnå det meste, fungere som eit kart for ein aktivitet eller prosjekt. Stort eller lite. 

Design Thinking som prosess.

Gjennom metodar og teknikkar i Design Thinking, strukturer ein metoden for å identifisere utfordringar, samle informasjon og genere potensielle løysingar. Vidare teste dei for så finne ut kva som er verdt å ta med seg, og kva ein kan forkaste. Dette minimerer tid, samtidig som ein aukar læringsutbytte ved å sjå ting frå ulike vinklar. Alle delane i prosessen har som mål at ein skal lære av dei, isolert kvar for seg. Slik aukar vil du alltid lære, samtidig som ein minimerer risikoen for feil mot sluttproduktet. Refleksjon skal alltid tida vere i sentrum av kvart ledd.

Design Thinking i utdanning steg for steg

Design Thinking er ein aktiv prosess

Prosjektbasert metodikk skal Design Thinking utfordre på tvers av disiplinar, der ein utfordrar og utforskar nye idear, møter relevante kjelder for som er sentrale for utfordringane ein har utvikla. På denne måten inviterer Design Thinking til ein kollaborerande samhandling på tvers av fagområder, for å nå målet. Den lærande, eller søkande, blir til ein kvar tid personleg engasjert i ledda og må mestre kommunikasjon og kritiske ferdigheter.

Kva gjer ein i Tesgin Thinking prosess?

1) Empatisere

Dette er hjartet i metodikken. Alt blir bygd på denne fasen. Gjennom empati skal ein finne ut kva andre trenger det til. Dette utfordrar oss til å utvide horisonten til å tenkje andre si trong, meistre å sjå ting frå andre sitt perspektiv. I læreplansamanheng kan vi kalle dette for mottakarmedvit. Men gjennom Design Thinking handler det meir om å utforske “kva er dette? Kvifor? Korleis?” – gjennom å utforske utfordringar med “five Why`s” kjem ein for kvar gong nærare ei meining med det ein gjer.

2) Definer

Som lærarar ser vi ofte på oss sjølv som høgt utdanna, intelektuelle og med mange meiningar. Men kor ofte går ein inn og faktisk definerer? Eller i kva ledd blir ting definert? Etter at ein har forstått kva ein treng, er det på tide å starte å sjå på ein definerande prosess. Vi kan ikkje forstå noko, før vi forstår kven som skal profetere på noko. Vi kan ikkje lage ei betre løysing, før vi verkeleg veit kva utfordringa er. Gjennom teknikkar frå Desgin Thinking skal ein gjennom kreative prosessar definere kva som er den eigentlege utfordringa, gjennom opne og lukka tankegongar.

3) “Ideate”

I mangel på eit betre ord på norsk, er dette ein samhandlande idèfase. Her skal ein bruke tilbakemeldingar og tankar frå fasane over til å skape idear og potensielle forståingar av utfordringane. Når vi forstå trongen, er vi betre rusta til å møte dei. Denne fasen handler om “brainstorming”. Gjerne i grupper med ulike dugleiksområder og interesser, men med felles forståinga av fasane over. Målet er å generere så mange potensielle løysingar, uavhengig av kvarandre – fri tankestraum. Ein verkeleg kreativ og null-dømmande prosess. Her er ikkje lov å tenkje “kva er mogleg”.

4) Prototype

Vi skal no skape ein testbar versjon. Kladd. Kall det kva du vil, men målet er å sjekke om vi i fase 1-3 har forstått dette rett. Samtidig er vi opne for at prototypen vår må, og bør mest truleg gå gjennom mange forandringar. Det er ein del av ein prosess. Her kan vi teste ut fasen før, og sjekke ideane isolert om det tilfredstill trongen til fase 1 og 2.

5) Test

Når vi er nøgd med kladde, prototypen, tester vi den. Her er målet å finne ut kva vi må forbetre på den. Vi er ikkje ferdig, og i værste (eller beste??) fall må tilbake til fase 1 og 2. Altfor ofte fungerer ikkje ideen vår slik vi har tenkt, men her ligg enorm læring i å finne dette ut. Ei læring som er vere gull verdt for framtidige mennesker som skal ut i arbeid. Vi skal kunne raskt vurdere om prototypen vår er suksessfull eller ein feil, med å ha lagt inn måleeiningar til å test den som vi kan svare “ja” eller “nei” på når vi vurderer resultatet.

Nokon siste ord

Dette tar tid, det farlegaste omgrepet i undervisningssektoren. Men alt skal vere ein læringsprosess. Gjennom å integrere Design Thinking som metodikk stopper vi opp i kvart ledd og aukar læringsutbytte og forståelsen heile tida.

Det er vel målet med utdanning? – ikkje sluttproduktet.

Eller? – skriv gjerne ein kommentar under.

2 thoughts on “1) Design Thinking i und(r)ervisning? – har du tid til effektiv læringsmetode?

  1. […] eg var inne på i førre innlegg, Design Thinking i undervisning? – har du tid til det?, benytter Design Thinking seg av 5 […]

  2. […] 1) Design Thinking i undervisning – har du tid til det? […]

Leave a Reply to 3) Design Thinking i und(r)evisning? – har vi metodefridom eller metodeansvar? Cancel reply