Posted on Leave a comment

Kompetanseheving trengs for å bruke teknologi i klasserommet / læringsrommet

Eg har blitt utfordra på å skrive ned nokon tankar angåande bruk av teknologi i klasserommet. Det er mange kjepphestar å ta tak i, fordommar, usikkerhet og uromoment. Og det er ein bra ting!

Sjå føre deg at du er rektor, du skal overbringe beskjeden: “Frå neste skuleår skal vi ha 1:1 iPad”.

Kva skjer trur du? Reaksjonane vil ikkje la vente på seg, nokon er gira. Nokon er villige. Nokon nektar.

Veldig, veldig enkelt ser det ca. slik ut hos dei fleste organisasjoner, spesielt i kommunal sektor som oppvekst. Nokon hoppar uti, tenkjer seg ikkje om. Dit skal eg, raskt! Nokon står på land og tenkjer, “hmm, kan hende dette er farleg. Er det ein hai foresten, eg blir med om andre overlever!” -og nokon klamrar seg fast til det første og beste som kan skape tryggleik, og har tenkt å bli der til det er over, for det pleier å gå over.

Alle er viktige! Kunsten er å få alle til å ynskje det same, og få tid til å tenkje. Så lenge det ikkje går over.

Korleis går du fram for å forstå kor samansett dette er?

Ein modell som kan vere god å starte med er Tpack modellen. Den er bygd opp av tre typar kunnskap som alle til saman viser pedagogens samansette kompetanse.
• (CK) er fagkunnskapen (Dei som klamrar seg fast)
• (PK) er den pedagogiske
kunnskapen (Dei som står)
• (TK) er den teknologiske
kunnskapen (Dei som sym)

Tpack modellen

Argh.. Enno ein modell? Ja..

(PCK) – pedagogisk fagkunnskap
(TCK) – teknologisk fagkunnskap
(TPK) – teknologisk pedagogikk kunnskap

Innerst finner vi punktet der alle desse tre kyrssar kvarandre. Og det er dit vi skal. For her finn vi kompetansen til alle i illustrasjonen over. Den som sym, den som står, den som nektar. Alle sin kompetanse tel, og er deretter viktig vidare! Alle spelar ei rolle. Greier du å kople alle saman om felles mål, der alle forstår at erfaringa til alle er viktig?

Når ein skal ta i bruk teknologi som er ny, er ofte målet å oppnå meir og / eller betre læring, -så må ein vite at dette utfordrar det som finnes frå før. Den eksisterande pedagogikken. Den vil konkurrere mot den innovative pedagogikken. Og dette er ikkje berre berre. Det tar tid…

Som pedagog skal vi vere dirigenten, ikkje komponisten. Men det er mange komponistar der ute. Enn kor fristande det er å skulle komponere heile læringsløpet, så er det langt frå målet. Enno mindre er det i fagfornyinga. Ved å legge meir om til digital læring, vil vi overlate komponeringa til den som skal lære, der vår viktigaste jobb er å vite korleis instrumenta fungerer og korleis vi dirigerer. Krumsvik (2014) seier det godt.

“Det kreves en utvidet forståelse av hva klasseledelse er i den digitale skolehverdagen, og en revitalisering av lærerens didaktikk”.

Skulle eg prøve å konkludere litt, så er ein avhengig av god gamaldags pedagogikk, for å lukkes med ny pedagogikk. Den som står og klamrer seg fast, er den beste på dette.

Kva ynskjer ein å oppnå med dei nye reiskapa?

Korleis skal ein oppnå det?

Kva er tidsplanen for det?

Klasseleiing vil stå fremst i det deigitale klasserommet, akkurat som det analoge klasserommet. Uten klasseleiing, synker utbytte av all undervisning. Positivt læringsmiljø og ro, samt pedagogens evne til å stimulere og motivere veit vi er sentrale faktorar. Men, korleis skal pedagogen meistre det, når reiskapa er ukjente? Det er som å leie skulemusikken, uten å kunne noter. Når pedagogen er usikker vil han bruke erfaringa si, erfaringa er frå i fjor, gå til plan B.

Kompetanseheving! Det er kun kompetanseheving som kan få pedagogen som klamrer seg fast, som eg så mange gonger må sei er viktig, at organisasjonen skjønner ein må legge til rette for at alle kan. Kompetanseheving vil gjere til at du får ut gullet frå dei som er skeptiske. Vi må respektere at det er pedagogen som får alt til å henge saman og er den viktigaste rolla i transformasjonen, pedagogen skal dirigere og legge til rette for at ein symfoni kan oppstå. Ein skal utvikle bruken av reiskap, det digitale er eit reiskap å lære av, ikkje med. Når vi er einige om det, er vi kome langt.

Når ein lærer at det digitale, enten det er iPad eller noko anna, kan gi større differensiering og støtte undervegs, er det ingen som trur det før ein ser det i praksis. Derfor må det felles kompetansehving til.

Det er tryggare å symje i lag enn å sjå nokon dumdristig hoppar ut i det.



Leave a Reply