Posted on Leave a comment

Kva skal skje i norsk skule no?

Fleire månadar har no segla forbi, eller rast? Nye måtar å tenkje på, ingen eksamen, digitalt veksande pedagogar og kollektivt ansvar for eleven si framtida. Vil vi setje spor i sein snø på våren eller kjem sola og visker det vekk før neste skuleår kjem?

Mange trur dette vil forandre korleis norsk skule er, for alltid. Det burde det. Eg vel faktisk å ta standpunkt tidleg, det burde! Alt nytt og altomfattande setter djupe spor, ofte, dessverre, berre for ei stund. Det er naivt å tru at ein berre skal sitte stille og vente på normalen. Normalen fører ikkje til utvikling, den fører til det same, som i går. Det funker kun om normalen er optimal. Kanskje skal vi prøve å unngå normalen innimellom, og tenkje det unormale? Endre praksis i grunn?

Chris Argyris og Donald Schön sine teoriar om enkelt og dobbelkretslæring kan høyres ut som noko som høyrer til under elektropensumet. Modellen seier at om ein organisasjon lærer og utviklar seg, så kan det skje med ulik intensitet. Logisk nok. Intensiteten derimot, kjem an på kva spørsmål ein stiller…

Enkelkretslæring er normalen, som nemnt over. Vi er gode på det. Eit problem er oppdaga, justere praksis for å skape forandring. Virker enkelt nok, men dette er kompliserte tankar om ein graver litt, så eg skal bryte det ned.

Du skal koke vatn, men vatnet kokar ikkje. Du ynskjer at vatnet skal koke. Du oppnår ikkje det resultatet du ynskjer, så justerer du framgongsmetode. Du skrur opp varmen. Det fungerte, du legg til ein ny metodikk ved å skru varmen høgt nok for å nå ynskja resultat i framtid dersom vatnet koker betre etter du fann det ut. Du vil fortsette med denne praksisen i framtida og endra praksis for å oppnå ynskja resultat. Det er normalen for læring. Høgare varme, raskare koking.

Dobbelkretslæring, det er noko heilt anna. Her stiller du deg kritisk eller spørjande til etablert praksis. Må vatnet koke? Må det vere varme? Kvifor gjer eg det på denne måten eller med dette utstyret? Vidare gjer du noko med dei grunnleggande føresetnadane og verdiane, lat oss sei at du investerer i induksjonskomfyr. Det grunnleggande spørsmålet du har stilt her, må det vere varmare for å koke raskare? I praksis er det slik at dobbelkretslæring oftare inntreffer når enkeltkretslæring gjev utilfredstillande resultat, kanskje du brant deg på raudglødande kjele?

Dette gjev oss eit problem i vår daglege praksis.

I skulen er vi ofte nøgd når vi har løyst problemet (les: enkelkretslæring), slik unngår vi transformasjonen (les: dobbelkretslæring).

Kilde: vipconsulting.no

La oss gå ut av kjøkkenet og inn i bilbransjen. Det er uklart om det stemmer, men Henry Ford skal ha blitt sitert på følgjande (her omsett til nynorsk) – “Om eg hadde spurt folk kva dei vil ha, ville dei svart ein raskare hest”. Eit glimrande eksempel på å sjå noko frå ein anna side, kvifor må ein transportere seg på ein hest? Her stiller Henry Ford spørsmål med etablert praksis. Resten av historia veit vi. Det er dobbelkretslæring.

Vidare inn i skulen då? Om ungane skal lære for framtida, skal vi berre pumpe inn office365, TEAMS, iPad, programvare, book creator, Showbie, Creaza, Salaby, Lesemeister, One Note, samskriving, videomøter og appar, så er vi rusta for framtida? Enkelkretslæring.

Vi skal ikke berre koke vatnet eller ri raskare på skulen, eller hive i gong bruk av digitale undervisningsreiskap fordi vi såg det fungerte bra dei siste månadane. Då vil vi drive enkelkretslæring og eigentleg kun røre oss minimalt fram. “(…) ein raskare hest“.

For å vere tydeleg, eg er stolt over norske pedagogar, som over natta vart fantastiske digitalpedagogar og verkeleg fekk vise kva kompetanse og tilpansningsdyktghet vi har. Vi burde vere stolte av kollegaen vår alle saman. Men John Dewey er inne på noko essensielt:

«If we teach today as we taught yesterday, we rob our children of tomorrow.» – John Dewey

Det store spørsmålet vi skal tygge oss inn i avslutninga av skuleåret 2019-2020 burde vere, kvar kan vi drive dobbelkretslæring? Kva har den siste tida utfordra oss på? Den framstormande digitale satsinga, 140 millionar i satsing frå stat vil ikkje sette spor, anna enn i snøen på våren! For å kome dit, at vi set spor når sola kjem, må vi først stille spørsmål med etablert praksis, som tilsynelatande fungerer, framfor å løyse eksisterande problem.

For at vi skal kome vidare no må vi utfordre etablert praksis. Det handler om korleis, kvifor og kva.

The golden circle

Kva er det riktige spørsmålet vi må stille?

Leave a Reply