Posted on Leave a comment

Bruke TEAMS til epost

Eg elskar TEAMS! Det er perfekt for meg som lærar. Spesielt no når koronatida kom, så var det enkelt å legge om, eigentleg gjere det same, foruten den fysiske kontakten.

Elevane kom raskt i gong, dei jobba, eg var med, rettleiia dei. Mange har faktisk sagt dei følte dei fekk betre oppfølging på arbeid når eg sat heime, enn i timane. Men sjølvsagt, bakdelen er der, det fysiske. Då var det viktig å ta kontakt ofte.

Men, det er elevnivået. På eit administrerande nivå har det mange fordelar og. Eg er av generasjonen som har eit litt anna forhold til ein e-post, eller generelt kommunikasjon. Eg vaks opp då kommunikasjonsflyten var mykje kortare, raskare responderande og mindre formell. Ein e-post er formell, det har eg lært meg, men innimellom så ville det vore praktisk å bruke ein e-post til respons og drøfting. Då er ein i gong med “send til alle”, “svar til alle” – det blir alltid dårleg stemning av.

Heldigvis har TEAMS lagt opp til at ein kan bruke e-post gjennom TEAMS. Erfaringa mi tilseier at det er med å av-formaliserer responsen litt. Så når eg har ein mail, det kan vere Den kulturelle skulesekken, eller andre aktivitetar, Hopp for Hjartet osv. så treng eg gjerne ein rask respons, eller liten diskusjon. Då hiver eg e-posten i TEAMS, så kan dei som involverer seg bruke “svar” knappen og vi kan ha ein intern samtale ang. innhaldet.

Videoen under viser korleis du kan “sende” ein e-post til ein spesifikk kanal, eller team for ein meir uformell respons.

Leave a Reply